Reglement for Tysvær kontrollutval

5 Oppgåver

Kontrollutvalet kan i prinsippet ta opp alle forhold ved kommunen si verksemd, så lenge det kan definerast som kontroll og tilsyn. Kontrollutvalet kan hjå kommunen, utan hinder av teieplikt, krevja alle opplysningar, utgreiingar eller alle dokument, og gjera undersøkingar som det finn naudsynt for å gjennomføra oppgåvene. 

Ansvaret for å gjennomføra vedtak ligg til rådmannen, jf. kommunelova § 13-1.  

Utvalet skal føra kontroll med at vedtak vert sette i verk og etterlevde.

5.1 Internkontroll

Kontrollutvalet fører kontroll med at kommunen si verksemd er forsvarleg sikra ved eit forsvarleg internkontrollopplegg, jf. kommunelova kapittel 25, og dersom det vert naudsynt gje innstilling med tilråding om at det må gjerast tiltak. 

5.2 Årsreknskap

Kontrollutvalet skal sjå til at årsrekneskapane til kommunen og kommunale selskap og føretak vert reviderte på ein trygg måte, og halda seg orientert om revisjonsarbeidet. Kontrollutvalet skal, gjennom sitt tilsyn med revisjonen, skaffa seg naudsynt innsyn i at rekneskapen ikkje inneheld vesentlege feil eller manglar. 

Kontrollutvalet skal gi uttale til kommunestyret om rekneskapane, med kopi til formannsskapet. Kopien må vere formannskapet i hende tidsnok til at det kan ta omsyn til han før det gir innstilling om årsrekneskapen til kommunestyret. 

5.3 Forvaltningsrevisjon

Kontrollutvalet skal sjå til at det jamleg vert gjennomført forvaltningsrevisjon av verksemda til kommunen. 

Gjennom forvaltningsrevisjon kan kontrollutvalet undersøkje om kommunen etterlever regelverk, når fastsette mål, og om ressursane blir forvalta på ein effektiv måte. Kontrollutvalet skal, innanfor dei rammene som er gjevne av kommunestyret, velje tema og utforme problemstillingar basert på ei risiko- og vesentlegvurdering av kommunen si verksemd og verksemda i kommunen sine selskap. 

Kontrollutvalet skal minst ein gong i valperioden, og seinast innan utgangen av året etter at kommunestyret har konstituert seg, utarbeida ein plan for gjennomføring av forvaltningsrevisjon. Som grunnlag for ein slik plan skal det gjennomførast ein overordna analyse av kommunen si verksemd basert på risiko- og vesentlegvurderingar. Planen skal godkjennast av kommunestyret. 

Kommunestyret kan delegere til kontrollutvalet å gjere endringar i planen.

5.4 Eigarskapskontroll

Kontrollutvalet skal kontrollere om den som utøver kommunen sine eigarinteresser gjere dette i samsvar med lover og forskrifter, kommunestyre sine vedtak og anerkjente prinsipp for eigarstyring. I heileigde kommunale selskap har kontrollutvalet rett til å vere til stades i generalforsamling, representantskap og andre eigarorgan. Kontrollutvalet og kommunen sin revisor skal varslast når det skal haldast slike møter. 

Kontrollutvalet skal minst ein gong i valperioden og seinast innan utgangen av året etter at kommunestyret har konstituert seg, utarbeide ein plan for gjennomføring av eigarskapskontroll. 

Kommunestyret kan fastsetje reglar for kontrollutvalet si kontroll med forvaltninga av kommunen sine interesser i selskap omtalt i kommunelova §23-6 fyrste ledd og kva dokument mv. som skal sendast til kontrollutvalet. 

Kommunestyret kan delegere til kontrollutvalet å gjere endringar i planen.

5.5 Gransking

Kontrollutvalet skal kunne setje i verk gransking av enkeltsaker/forhold. Formålet er å avklare faktiske forhold og analysere årsaker, og under dette om ein eller fleire enkeltpersonar har gjort feil eller brote reglar. 

Gransking kan iverksetjast på eige initiativ eller dersom ordførar eller minst 3 av kommunestyremedlemmene ber om det.

5.6 Orientering frå rådmannen/kommunedirektøren

Kontrollutvalet kan som ledd i å føre kontroll med kommunen si verksemd be rådmannen/kommunedirektøren orientere om aktuelle saker og tema.