4 Generell instruks
Kontrollutvalet skal følgje lov og forskrift og - så langt det høver- dei reglar og retningsliner for sakshandsaming, møteorden og møtestyring m.m. som er fastsett i Tysvær kommunestyre 20.06.17, sak /17, jf. reglement for kommunestyret og politiske utval.
4.1 Teieplikt
For medlemmene, varamedlemmene og sekretariatet for kontrollutvalet gjeld dei allmenne reglane om teieplikt i forvaltningslova. Kontrollutvalet sin medlemmer og varamedlemmer skriv under eigen teieplikterklæring.
4.2 Etikk
Utvalet skal ha fokus på kommunen sine etiske retningsliner og skal i sitt arbeid bidra til å ivareta og styrke innbyggjarane sin tillit til den kommunale verksemd.
Medlemmene bør unngå å komme i situasjonar som vil føre til at det kan stillast spørsmål ved vedkommande sin integritet og dei vert oppmoda til registrere seg i KS sitt styrevervregister.