Varsel om oppstart av planarbeid i Vats- og Yrkefjorden

Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram – «detaljregulering for AF Miljøbase Vats med sjøområde i Vats- og Yrkefjorden».

I samsvar med §12-8 i plan- og bygningslova blir det varsla oppstart av arbeid med detaljregulering for AF Miljøbase Vats med sjøområde i Vats- og Yrkefjorden. Det er utarbeidd forslag til planprogram som blir sendt på høyring, i samsvar med § 4-1 i plan- og bygningslova.

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for utvikling av framtidsretta industri tilknytt offshore vind i samband med etablering av havvind i Nordsjøen. Dette vil utløyse behov for utviding av areal for verksemd på land og i sjø, samt behov for å leggje til rette for auka aktivitet innanfor allereie regulert areal. Planen skal også leggje til rette for vidareføring av eksisterande verksemder ved miljøbasen.

Planområdet omfattar eksisterande industriområde på Raunes og areal for utviding av anlegg på land. Vidare inngår eksisterande rigg- og ferdselsområde i Vats- og Yrkefjorden, og nytt areal i sjø for lagring av ferdigmonterte vindturbinar og flytande fundament til vindturbinar i Vats- og Yrkefjorden. Planområdet inkluderer også areal på land til eventuelle eksisterande og nye ankerfeste. Varslingsområdet utgjer totalt ca. 6850 daa. Den endelege avgrensinga til planområdet vil bli avklart gjennom planarbeidet. 

Det er vurdert at planen utløyser krav til konsekvensutgreiing med planprogram, jf. forskrift om konsekvensutgreiingar. Forslag til planprogram, planinitiativ, brev med varsel om oppstart av planarbeid, kart med planavgrensing og referat frå oppstartsmøte med Vindafjord og Tysvær kommunar finn du i vedlegga nedanfor.

Det vil bli arrangert eit ope informasjonsmøte om planarbeidet tysdag 5. mars 2024 kl. 18.00-20.00 i Skjold Arena, Vikanesvegen 8, 5574 Skjold. I tillegg vil det arrangerast open kontordag i Skjold Arena den 6. mars 2024 kl. 10.00-15.00.

Planforslaget blir utarbeidd av Norconsult Norge AS på vegne av AF Offshore Decom AS. Grunneigarar, naboar og relevante myndigheiter og organisasjonar vil bli varsla med brev.

Innspel til planarbeidet og forslaget til planprogram kan sendast til Norconsult Norge AS v/Fride Spjelkavik Larsen, Postboks 626, 1303 Sandvika, eller på e-post: fride.sofie.spjelkavik.larsen@norconsult.com innan 15. mars 2024