Oppstart av detaljregulering for gbnr. 79/98 m.fl. Berglytunet

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at ABO Plan & Arkitektur Stord AS, på oppdrag av Odd Hansen Prosjekt AS, set i gong arbeid med detaljregulering for bustadområde Berglytunet på Førre, gbnr. 79/98 m.fl. PlanID 202201.

Det aktuelle området er i kommuneplanen synt som framtidig boligbebyggelse (B15). Området er ikkje om­fatta av reguleringsplan, med unnatak av areal for tilkomstveg/kryss. I nordaustleg del av planområdet går plan­­av­grensinga noko inn i Gnr. 79, bnr. 89 Førdesfjorden (PlanID 200305) og Førreåsen gnr. 79 bnr. 242 (Plan­­ID 201112). I vestleg del går planavgrensinga noko inn i Førdes­fjorden sentrum I – området vest, nord og aust for Førdesbotn (PlanID 200055) og i Nygård Terrasse (PlanID 200605). Tilkomstveg/kryss til planområdet vil til­passe seg desse planane, og deler av desse kan såleis bli oppheva ved vedtak av ny reguleringsplan, jf. § 12-14. Planområdet grenser elles til bustadområde med tilhøyrande veg- og grønt­føremål i reg­u­ler­ings­plan for Førre Hageby (planID 200024).

Føremål
Intensjonen med planarbeidet er å vidareutvikle og fortette eksisterande bustadområde, i tråd med kom­mu­ne­­plan for Tysvær kommune 2015-2027 og Regional plan for areal og transport på Haugalandet. Ein ser føre seg eit bustadområde som er tilpassa kringliggjande bustad­typo­logiar, med spenn i frå einebustader til meir kons­en­trerte fleirmannsbustader (to etasjar). Området er topo­grafisk delt i to, der øvre del ligg om lag på kote +45, og nedre del av området ligg om lag på kote +25. På øvre del er det rom for om lag fire nye bustader. Det er for bratt til å kunne løyse tilkomst i frå nedre del, og til­­komst er difor tenkt i frå nordaust, i frå Førreåsen. Til­komst til nedre del av området vil vera i frå fv. 5794 i vest. Her vil det kunne vera rom for om lag 40 bueiningar, som til saman gir om lag 44 bueiningar i plan­­området.

Konsekvensutgreiing
Reguleringsplanen skal utarbeidast som detaljregulering jf. § 12-3 i plan- og bygningslova. Planen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing. Planen, eller tiltak planen opnar for, er ikkje omfatta av forskrift om konse­kvens­utgreiingar §§ 6-8.  Plan­for­slaget sine tiltak vurderast i høve til samfunn og miljø, der m.a. naturmangfald, støy og trafikkavvikling vil utgreiast som del av planarbeidet. Det skal utarbeidast ROS-analyse.

Merknadar
Innan høyringsfristen 17.02.2022 skal moglege merknadar og synspunkt til planarbeidet sendast skriftleg til:

ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord

Eller e-post: poststord@abo-ark.no / haga@abo-ark.no


Dokument

  1. Følgjebrev. Varsel om oppstart (PDF, 4 MB)
  2. Planavgrensing 07.01.22 (PDF, 6 MB)
  3. Planinitiativ Berglytunet (PDF, 3 MB)
  4. Revidert referat i frå oppstartsmøte Berglytunet (PDF, 175 kB)