Påskelunsj 2024

Fredag 21.mars vart det arrangert påskelunsj på NBU ,  med ein ny variant enn tidlegare år.

I staden for å samlas til måltid i gymsalen, vart arrangementet flytta ut i skulegarden.  Grilling av pølser, servering av saft og frukt og ulike aktivitetar. Jakt etter påske egg måtte og til.

Veret var litt variabelt, hadde regn og hagl byer når grillane vert tende opp., men det slutta av i tide til elevane kom ut kl 1100. 1.-4 trinn starta med flotte vår-songar, tostemt til og med.  Etter grilling og mat, vart det delt inn i grupper på tvers av alderstrinn for å delta i dei ulike aktivitetane.  Det var “Kims leik”, Kubbespill, Dart, Sjakkutfordring, Ringspel, Rockeringar, Bygge Kvadrat og hopping i Rockering mot kvarandre. Veldig kjekk avslutning før påskeferien!