Om skulen

Grinde skule er ein fulldelt barneskule med 197 elevar fordelt på 7 trinn og 12 elevgrupper. Skulen har i dag 37 tilsette, fordelt på 21 lærarar, 7 miljøarbeidarar2 miljøterapautar, 1 lærling, rektor, inspektør, administrasjonskonsulent, 2 reinhaldarar og 1 vaktmeister.

Skulen ligg i Grinde, ca. 2 km aust for Aksdal.

Noverande Grinde skule var ny i 1959. 3 skular vart då slått saman, Fikstveit, Sundfør og gamle Grinde skule. Hovudbygningen på skulen er frå 1959. Paviljongane A og B blei bygd i 1984/85. Paviljong C blei bygd i 1997. Då blei det og gjort ein del endringar i hovudbygningen. Det siste tilbygget sto ferdig til skulestart hausten 2009. Gymsalen vart riven til fordel for nye undervisningslokale og eit flott amfi. Skjoldhallen ved Skjoldbanen fungerer no som gymsal for skulen. 

Kontaktinformasjon

Grinde skule
E-post
Telefon 90 50 03 26

Besøks- og postadresse:
Skjoldastraumsvegen 30
5570 Aksdal

SFO: 907 17 039

 

Melding til skulen

Meldingar til skulen skjer via appen Min skole
(Visma Flyt Skole)

 

Liv Sæbø Stava
Rektor
Telefon 90 47 47 96