Skolerute

Oversikt over ferie og fridagar, inkludert planleggingsdagar, for grunnskulen i Tysvær:
 

2022/2023

Skolerute 2022/2023
Månad Dato Informasjon
August 2022 Måndag 22. august Skulestart for elevane
September 2022 Måndag 19. september Elevfri/planleggingsdag
Oktober 2022 10.-14.oktober Haustferie (veke 41)
November 2022 Fredag 11.november Elevfri/planleggingsdag
Desember 2022 Torsdag 22.desember Siste skuledag før juleferien
Januar 2023 Måndag 02.januar Oppstart etter juleferien
Måndag 23.januar Elevfri/planleggingsdag
Februar 2023 27.-28.februar Vinterferie (veke 9)
Mars 2023 01.-03.mars Vinterferie (veke 9)
April 2023 03.-10.april Påskeferie
Tysdag 11.april Oppstart etter påskeferien
Mai 2023 Måndag 01.mai Arbeidarane sin dag / Fridag for elevane
Onsdag 17.mai Nasjonaldag
Torsdag 18.mai Kristi Himmelfartsdag
Fredag 19.mai Elevfri
Måndag 29.mai 2.pinsedag - elevfri
Juni 2023 Fredag 23.juni Siste skuledag før sommarferien

Utskriftsvennlig skolerute 2022/2023 (PDF, 504 kB)

2023/2024

Skolerute 2023/2024

Skolerute 2023/2024
Månad Dato Informasjon
August Måndag 21. Skulestart
September Måndag 25. Planleggingsdag
Oktober 09. - 13. oktober Haustferie (veke 41)
November Fredag 10. Planleggingsdag
Desember Fredag 22. Siste skuledag før juleferie
2024
Januar Tysdag 2. Første skoledag etter juleferie
Måndag 22. Planleggingsdag
Februar 26. - 29. februar Vinterferie (veke 9)
Mars 1. mars Vinterferie (veke 9)
25. mars - 1. april Påskeferie (veke 13)
April 2. april Skulestart etter påskeferie
Mai Onsdag 1. Arbeidarane sin dag - fridag
Torsdag 9. Kr. himmelfartsdag - fridag
Fredag 10. Fridag for elevane
Fredag 17. Nasjonaldag - fridag
Måndag 20. 2. pinsedag - fridag
Juni 21. juni Siste skuledag før sommarferie

Utskriftsvennlig skolerute 2023/2024 (PDF, 507 kB)

Retningslinjer for permisjon for elevar i Tysvær

Fokus for alt arbeid i skulen er læring og at elevane skal ha godt utbyte av undervisninga. Elevane har undervisningsplikt 38 veker per skuleår, 190 dagar.

Følgjande retningslinjer gjeld for permisjon ved skulane i Tysvær:

Som hovudregel vert det ikkje gitt fri meir enn 10 undervisningsdagar per skuleår. Det vert understreka at foreldra overtek opplæringsansvaret når eleven har permisjon. I det ligg det at ein oppdaterer seg på arbeidsplanar og leksearbeid i permisjonsperioden. Ein permisjonsperiode skal ikkje gi meirarbeid for undervisningspersonalet.

Permisjon inntil:

  • 2 dagar: skriftleg søknad til kontaktlærar
  • 3-14 kalenderdagar: elektronisk søknad som rektor kan innvilga
  • 15 kalenderdagar eller meir: skrive ut av skulen

Søk elektronisk her

Det vert i hovudsak ikkje gitt permisjon i følgjande periodar:

  • Nasjonale kartleggingsprøvar 1.-3. klasse
  • Nasjonale prøvar: 5.-, 8.- og 9. klasse
  • Tentamen- og eksamensperiodar for elevar i ungdomsskulen