IKT

Tysværskulen sin visjon for bruk av IKT i opplæringa er:

Elevane i Tysvær kommune skal oppleve meistring
gjennom bruk av digitale læremiddel og verktøy
på ein aktiv og innovativ måte

Dette betyr at Tysvær kommune ønsker at både skuleeigar, lærarar og elevar har ein digital kompetanse som gjer dei i stand til å nytta digitale verktøy på ein måte som fremmer læring og som er aktuelle i samfunnslivet. Denne visjonen vil Tysvær kommune arbeide mot gjennom desse føringane:

  • Leiinga sentralt og på skulane skal legge til rette for digital utvikling og være førebilete for sine tilsette. Lærarane skal være digitale førebilete for sine elevar.
  • Alle lærarar skal være best mogleg skikka til å rettleia elevane i digitale læringsprosessar og digital danning.
  • Alle lærarar skal ha god kunnskap om bruk av digitale verktøy i eigne fag (jamfør læreplan for faget). Skuleeigar og skulane skal jobba aktivt for å legge til rette for IKT som ein grunnleggande ferdighet i alle fag.
  • Skuleeigar skal saman med IT-kontoret legge til rette for å samordne drift og innkjøp av pedagogisk programvare, og sjå til at lærarar og elevar har tilgang til digitale verktøy som er best mogleg tilpassa deira behov.
  • Skuleeigar skal saman med skulane og lærarane finne fram til «beste praksis» med tanke på metodar og digitale verktøy, og ha strategiar og system for best mogleg kunnskapsdeling.

Tysværskulen har 1:1 dekning av digitale verktøy for elevane, med bruk av læringsbrett (iPad) for 1.-4. trinn og laptop for 5.-10. trinn. 
Kvar skule har minst ein pedagog med særskilt ansvar for bruken av digitale verktøy. 

Overordna planverk: 

IKT plan for Tysværskulen (PDF, 2 MB)

Andre aktuelle dokumenter for bruk av digitale verktøy i Tysværskulen: