IKT-standard for Tysvær-skulen

Som elev på ein skule i Tysvær skal ein oppleve bruk av IKT som gir fagleg utvikling, og IKT skal være ein del av alle fag. Denne IKT-standarden fortel elevane kva dei skal forvente av skulen.

1. Eleven skal få tilbod om grunnleggande opplæring i bruk av skulen sitt nettverk, datautstyr og programvare. Som eit minimum er dette:

  • Bruk og vedlikehald av digitale verktøy
  • ItsLearning (den digitale læringsplattformen i Tysvær kommune)
  • Tekstbehandling, presentasjonsverktøy og regneark
  • Digital danning (dømmekraft, kjeldekritikk, nettvett og etikk i ein digital kvardag) 

 

2. Eleven skal oppleve at planar, dokumentasjon av læringsprosess og vurdering vert presentert på ein ryddig og oversiktleg måte i ItsLearning. Eit minimum er: 

  • Årsplanar for alle fag
  • Arbeidsplanar for alle fag
  • Tilbakemeldingar frå lærarane som hjelper deg å forstå korleis du kan forbetre deg 
  • Oversikt over karakterar, fråvær og anmerkingar (ungdomstrinn) 

 

3. Eleven skal møte eit variert utval av digitale læringsressursar i alle fag. Det kan være: 

  • Installert eller nettbasert, frikjøpt programvare 
  • Læremiddel frå forlaga sine fagnettsider 
  • Faglege videoar 
  • Andre fagrelaterte digitale ressursar 

 

4. Eleven skal ha moglegheiter til å auke læringsutbyttet sitt ved å arbeide med digitale verktøy i tillegg til tekstbehandling, presentasjonsverktøy og regneark. Det kan være: 

  • Sosiale medier, til dømes Facebook, Google+, YouTube, samskrivingsverktøy, blogg og wiki
  • Verktøy for innhenting og organisering av informasjon, til dømes Google, OneNote og ulike tankekart 
  • Fagrelaterte digitale verktøy, til dømes matematikkverktøy, teikneprogram og simulatorar 
  • Verktøy for dokumentasjon, til dømes foto, film og lyd 
  • Verktøy for koding og programmering 

 

Elevane får tilgang til digitalt utstyr som dei kan bruke i dei åra dei går på skule. 
Skulen og lærarane forventar at elevane: 

  • Tar godt vare på utstyret og følger IT-reglementet 
  • Utlevert utstyr er med og klart til bruk på skulen kvar dag 
  • Berre brukar utstyret til fagleg arbeid i undervisninga 
  • Ikkje brukar utstyret og skulens nettverk til mobbing eller annan ulovleg verksemd