Målform

VEDTAK I KOMMUNESTYRET - 22.10.2013

  1. Tysvær kommunestyre stiller seg nøytralt til kva målform som blir nytta i offentleg teneste i Tysvær kommune. Det betyr at i saksutgreiingar, planar og kommunal informasjon skal nynorsk og bokmål nyttast som jamstelte skriftspråk. I dagleg korrespondanse bør det normalt nyttast same skriftspråk som den som vender seg til kommunen sjølv nyttar.
  2. Kommunestyret legg til grunn for jamstellingsvedtaket i pkt. 1 at nynorsk og bokmål skal nyttast i om lag like stor grad i kommunen si teneste. Rådmannen skal sjå til at dette blir praktisert i utarbeiding av saksutgreiingar, planar og kommunalt informasjonsarbeid. Der det er mulig og hensiktsmessig skal kommunal informasjon på heimesidene og elles utarbeidast på begge målføre.
  3. Som ein kommune med sterke nynorsktradisjonar, ønskjer Tysvær kommune å støtte opp om det arbeidet Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) gjer, ved å vidareføre medlemskapen i LNK.


Kommunestyrets vedtak finn du her (PDF, 81 kB)