Varsel om oppstart av detaljregulering for Eikeskog nord

I samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova vil vi med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Biogass Energi AS skal utarbeide forslag til reguleringsplan for eit område nord i Aksdal næringspark. Næringsparken ligg like sør for Aksdal sentrum i Tysvær kommune. 

Planområdet går fram av kartet som du finn i vedlegga nedanfor. 

Mesteparten av planområdet er regulert frå før, men det er nå behov for ei justering når det er komme meir konkrete planar for området. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for moglegheit for ny brannstasjon, område for blant anna energifyllestasjonar og døgnkvileplass for tungtransport, samt kontorformål. I denne samanheng ser ein føre seg å legge om regulert gang- og sykkelveg slik at denne vert lagt på utsida av næringsområdet.

Området som skal byggast på er i kommuneplan 2019-2031, plankart 1, avsett til næringsformål, medan området kor gang- og sykkelvegen er tenkt skal gå er avsett til LNF-formål. Det ligg ei bandleggingssone (PL3-8) på arealet, som gjeld forbod mot tiltak fram til ny trase for E39 (fire-felts veg) er avklart. Opplysningar frå kommunen er at ny E39 vil komme lenger aust, og det er sannsynleg at bandlegginga på sikt kan utgå.

Planarbeidet er av Tysvær kommune vurdert å ikkje utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU) då planlagde tiltak for det meste vil vere i samsvar med gjeldande planar i området.

For nærmare informasjon kan du kontakte Omega 365 Areal AS på telefon 975 40 000.

Eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post areal@omega.no innan 07.11.2023

Etter meldingsfristens utløp vert sjølve planforslaget utarbeidd og sendt inn til kommunen. Etter 1. gangs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med eventuelle merknadar og innspel til planforslaget før endeleg handsaming av planen.