Reglement for Tysvær kommunestyre og politiske utval
2 Politiske utval
2.1 Generelt
Formannskapet, kommuneplanutvalet, levekårutvalet og teknisk utval har på kommunestyret sine vegne det folkevalde leiaransvaret innanfor sine fagområde og skal sjå til
- at oppgåvene blir løyste på ein effektiv og god måte
- at løyvde midlar blir nytta i samsvar med føremålet
- at det er etablert gode rapporteringsrutinar.
Ei viktig felles oppgåve for formannskapet, kommuneplanutvalet og hovudutvala er å sikre eit heilskapleg og godt integrert arbeid med teneste- og samfunnsutvikling, på tvers av den politiske utvalsstrukturen og administrative organiseringa. Det skal leggjast vekt på utbyggingsløysingar og arealbruk som med venta auke i innbyggartalet kan gje meir kostnadseffektive kommunale tenester over tid.
Formannskapet, kommuneplanutvalet og hovudutvala har rett og plikt til å behandla dei saker som fell inn under deira respektive saks- og ansvarsområde. Dette omfattar m.a.:
- Vesentlege driftstiltak/omstillingar innanfor utvala sitt ansvarsområde.
- Forslag om å utføre større utgreiingar som vedkjem utvala sitt ansvarsområde.
- Andre saker innan utvala sitt ansvarsområde som skal avgjerast i formannskap/kommunestyre.
Dette er likevel ikkje til hinder for at saker som vedkjem hovudutvala og kommuneplanutvalet sine ansvarsområde også kan behandlast direkte i formannskapet eller kommunestyret dersom det blir vurdert som hensiktsmessig.
Delegeringsreglementet for Tysvær kommune inneheld meir detaljert informasjon om kva ansvarsområdet og mynde som ligg til dei ulike politiske organa.
2.2 Kommunestyret
Kommunestyret er kommunen sitt øvste folkevalde organ og gjer vedtak på kommunen sine vegne, så langt ikkje anna følgjer av lov eller er delegert av kommunestyret til andre folkevalde organ eller rådmannen, jf. Kommunelova § 5-3 og Delegeringsreglement for Tysvær kommune. Kommunestyret har det øvste tilsynet med den kommunale forvaltninga.
Kommunestyret har 29 representantar, jf. Kommunelova § 5-5, og blir valde for den 4-årige kommunale valperioden. Om plikt til å ta mot val og å delta i kommunestyret gjeld reglane i Kommunelova.
2.3 Formannskapet
Formannsskapet er oppretta i medhald av Kommunelova § 5-6. Formannskapet skal ha 9 medlemmer og antal varamedlemmer iht. Kommunelova § 7-7, 2. ledd. Medlemmene skal veljast av og mellom medlemmene i kommunestyret. Formannskapet blir vald først i konstituerande kommunestyremøte, og blir valde for den 4-årige kommunale valperioden.
Formannskapet har innstillingsrett til kommunestyret.
2.4 Kommuneplanutvalet
Kommuneplanutvalet er oppretta i medhald av Kommunelova § 5-7. Kommuneplanutvalet skal ha 11 medlemmer og antal varamedlemmer iht Kommunelova § 7-7, 2. ledd. Formannskapet og leiarane i dei to hovudutvala utgjer kommuneplanutvalet. Nestleiarane i dei to hovudutvala er personlege varamedlemmer for leiarane i teknisk utval og levekårsutvalet. Ordførar er leiar og varaordførar nestleiar av utvalet.
Kommuneplanutvalet blir vald i konstituerande kommunestyremøte, og blir valde for den 4-årige kommunale valperioden.
Kommuneplanutvalet har innstillingsrett til kommunestyret.
2.5 Levekårutvalet
Levekårutvalet er oppretta i medhald av Kommunelova § 5-7. Levekårutvalet skal ha 9 medlemmer og antal varamedlemmer iht Kommunelova § 7-7, 2. ledd. Kommunestyret oppnemner leiar og nestleiar til utvalet.
Levekårsutvalet blir vald i konstituerande kommunestyremøte, og blir valde for den 4-årige kommunale valperioden Levekårsutvalet har innstillingsrett i saker som går direkte til kommunestyret.
Levekårsutvalet har innstillingsrett til formannskapet i saker som ikkje skal vidare til kommunestyret, men dersom saka skal til behandling i både levekårsutvalet og teknisk utval gir begge utvala uttale.
2.6 Teknisk utval
Teknisk utval er oppretta i medhald av Kommunelova § 5-7. Teknisk utval skal ha 9 medlemmer og antal varamedlemmer iht Kommunelova § 7-7, 2. ledd. Kommunestyret oppnemner leiar og nestleiar til utvalet.
Teknisk utval blir vald i konstituerande kommunestyremøte, og blir valde for den 4-årige kommunale valperioden.
Teknisk utval har innstillingsrett i saker som går direkte til kommunestyret. Teknisk utval har innstillingsrett til kommuneplanutvalet og formannskapet i saker som ikkje skal vidare til kommunestyret, men dersom saka skal til behandling i både levekårsutvalet og teknisk utval gir begge utvala uttale.
2.7 Kontrollutvalet
Kontrollutvalet er oppretta i medhald av Kommunelova § 23-1. Kontrollutvalet skal ha 5 medlemmer og 5 varamedlemmer i numerisk rekkefølge. Kommunestyret oppnemner leiar og nestleiar til utvalet. Leiaren kan ikkje vera medlem av same parti eller høyre til same gruppe som ordføraren. Kontrollutvalet blir vald det i konstituerande kommunestyremøte, som første utval etter formannskapet, og blir valde for den 4-årige kommunale valperioden
Kommunestyret vedtek eige reglement for Tysvær kontrollutval.
Kontrollutvalet har innstillingsrett til kommunestyret.
2.8 Administrasjonsutvalet
Administrasjonsutvalet er oppretta i medhald av Kommunelova § 5-11. Administrasjonsutvalet skal ha 5 folkevalde representantar og 2 representantar frå arbeidstakarorganisasjonane, jf. Kommunestyrevedtak 52/12 den 21.06.12. Dei politiske representantane med personlege varamedlemmer blir valde for valperioden av kommunestyret mellom formannskapet sine medlemmer i det konstituerande kommuenstyremøte. Kommunestyret oppnemner leiar og nestleiar mellom desse.
Arbeidstakarrepresentantane blir valde av og blant dei tilsette for 2 år om gongen.
Dei folkevalde representantane utgjer forhandlingsutvalet som fastsett lønns- og arbeidsvilkår for rådmannen.
Kommunestyret vedtek eige reglement for administrasjonsutvalet.
Administrasjonsutvalet har innstillingsrett til kommunestyret i saker som går direkte til kommunestyret, og til formannskapet i saker som ikkje skal vidare til kommunestyret.
2.9 Tiltak- og næringsfond
Tiltak- og næringsfond er oppretta i medhald av Kommunelova § 5-7. Tiltak- og næringsfond skal ha 9 medlemmer med varamedlemmer. Formannskapet utgjer tiltak- og næringsfondet.
Tiltak- og næringsfond blir vald i konstituerande kommunestyremøte, og blir valde for den 4-årige kommunale valperioden.
2.10 Valstyret
Valstyret er oppretta i medhald av Vallova § 4-1. Valstyret skal ha 9 medlemmer med varamedlemmer. Formannskapet utgjer valstyret.
Valstyret blir vald i konstituerande kommunestyremøte, og blir valde for den 4-årige kommunale valperioden.
2.11 Eldrerådet
Eldrerådet er oppretta i medhald av Kommunelova § 5-12. Elderådet er eit rådgjevande organ for kommunen og skal ha 5 medlemmer og varamedlemmer oppnemnt i numerisk rekkefølge. Rådet skal også ha 1 politisk representant og vararepresentant som utgår frå formannskapet. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar.
Valperioden for eldrerådet er fire år. Nytt eldreråd blir vald kvar haust etter at kommunestyre- og fylkestingsvalet er gjennomført.
Eldrerådet kan bli vald på det første møtet, men det er det ikkje krav om. Dersom eldrerådet ikkje blir vald på det første møtet til nytt kommunestyre, vert funksjonstida til det sittande rådet utvida. Utvidinga av funksjonstida gjeld ikkje lenger enn til årsskiftet. Dette betyr at kommunestyret må velja nytt råd innan årsskiftet det året det er kommunestyre- og fylkestingsval.
Kommunestyret vedtek eige reglement for eldrerådet.
2.12 Råd for personar med funksjonsnedsetjing
Råd for personar med funksjonsnedsetjing er oppretta i medhald av Kommunelova § 5-12. Råd for personar med funksjonsnedsetjing er eit rådgjevande organ for kommunen og skal ha 5 medlemmer og varamedlemmer oppnemnt i numerisk rekkefølge. Rådet skal også ha 1 politisk representant og vararepresentant som utgår frå formannskapet. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar.
Valperioden for råd for personar med funksjonsnedsetjing er fire år. Nytt råd for personar med funksjonsnedsetjing blir vald kvar haust etter at kommunestyre- og fylkestingsvalet er gjennomført.
Råd for personar med funksjonsnedsetjing kan bli vald på det første møtet, men det er det ikkje krav om. Dersom råd for personar med funksjonsnedsetjing ikkje blir vald på det første møtet til nytt kommunestyre, vert funksjonstida til det sittande rådet utvida. Utvidinga av funksjonstida gjeld ikkje lenger enn til årsskiftet. Dette betyr at kommunestyret må velja nytt råd innan årsskiftet det året det er kommunestyre- og fylkestingsval.
Kommunestyret vedtek eige reglement for råd for personar med funksjonsnedsetjing.
2.13 Ungdomsrådet
Ungdomsrådet er oppretta i medhald av Kommunelova § 5-12. Ungdomsrådet er eit rådgjevande organ for kommunen og skal ha 13 medlemmer og inntil 13 varamedlemmer oppnemnt i numerisk rekkefølge. Rådet skal også ha 1 politisk representant og vararepresentant som utgår frå kommunestyret. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar.
Ungdomsrådet vert oppnemnt for 2 år. Nytt råd skal veljast kvar haust etter kommunestyre- og fylkestingsval eller stortingsval er gjennomført. Leiar og nestleiar vert vald for 1 år.
2.14 Kommunal klagenemnd
Kommunal klagenemnd er oppretta i medhald av Forvaltningslova § 28. Kommunal klagenemnd skal ha 2 faste medlemmer i tillegg til leiar for det utvalet den einskilde klagesaka høyrer inn under.
Som medlem nr. 3 tiltrer:
- Leiar av levekårutvalet i saker som kjem inn under ansvarsområdet for levekårutvalet.
- Leiar av teknisk utval i saker som kjem inn under ansvarsområdet for teknisk utval.
- Ordførar i saker som kjem inn under ansvarsområdet for formannskapet.
Varamedlemmer:
- Varaordførar og nestleiar av hovudutvala tiltrer som varamedlem for dei respektive ansvarsområda ved forfall frå medlem nr. 3.
- Ordførar tiltrer som varamedlem ved forfall frå fast medlem.
- Dersom ordfører er kalla inn som 3. medlem i klagenemnda, tiltrer varaordfører som varamedlem ved forfall frå fast medlem.
- Dersom både leiar og nestleiar av hovudutval har forfall eller er inhabil, tiltrer ordførar som 3. medlem.
Kommunestyret vel leiar og nestleiar blant dei to faste medlemmene.
Kommunestyret vedtek eige reglement for klagenemnda.
Kommunal klagenemnd blir vald i konstituerande kommunestyremøte, og blir valde for den 4-årige kommunale valperioden.
2.15 Sakkyndig nemnd for eigedomsskatt
Sakkyndig nemnd for eigedomsskatt er oppretta i medhald av Eigedomsskattelova § 8 A-3, pkt. 4. Sakkyndig nemnd for eigedomsskatt skal ha 3 medlemmer og 3 varamedlemmer i numerisk rekkefølge. Kommunestyret oppnemner leiar og nestleiar.
Sakkyndig nemnd for eigedomsskatt blir vald i konstituerande kommunestyremøte, og blir valde for den 4-årige kommunale valperioden.
Kommunestyret vedtek eigne eigedomsskattevedtekter, som også gir ramma for kommunens organisering og saksbehandling av eigedomsskatteordninga.
2.16 Klagenemnd for eigedomsskatt
Klagenemnd for eigedomsskatt er oppretta i medhald av Eigedomsskattelova § 20. Klagenemnd for eigedomsskatt skal ha 6 medlemmer og 6 varamedlemmer i numerisk rekkefølge. Kommunestyret oppnemner leiar og nestleiar.
Klagenemnd for eigedomsskatt blir vald i konstituerande kommunestyremøte, og blir valde for den 4- årige kommunale valperioden.
Kommunestyret vedtek eigne eigedomsskattevedtekter, som også gir ramma for kommunens organisering og saksbehandling av eigedomsskatteordninga.