Rettleiar - politiske sakspapirer
4 Saksutgreiing // Saksutredning
Denne overskrifta er berre meint som ei overordna overskrift som markerer skillet mellom presentasjonen av kommunedirektøren/rådmannen sitt framlegg til vedtak og sjølve saksutgreiinga. Saksbehandlar skal ikkje legga inn noko tekst før under neste punkt.
4.1 Samandrag // Sammendrag
Under dette punktet skal saksbehandlar, så langt det er mogleg, presentera ein kortversjon av saka. Samandraget bør ikkje vera lengre enn ei halv side.
Er det vanskeleg å kortfatta gjera greie for visse sider ved saka, er det betre å berre visa til kor i saksframlegget dette er behandla, enn å formulera seg upresist eller på ein måte som kan feiltolkast.
4.2 Bakgrunn for saka // Bakgrunn for saken
Her skal ein kort gjera greie for historikken i saka så langt.
Her kan ein òg visa til andre relevante saker, og gjera greie for spesielle omgrep, f.eks. kompliserte faguttrykk.
4.3 Saks- og faktaopplysningar // Saks- og faktaopplysninger
Her skal saksbehandlar gjera greie for alle relevante fakta og opplysningar i saka. Hugs å sikra ei balansert framstilling, gjennom å ta med både dei opplysningar som talar for framlegget til vedtak og det som talar mot. Hugs å visa til kjelder kor dette er relevant.
Ein skal berre presentera fakta her, men ikkje vurdera desse eller vekta dei opp mot kvarande. Vurdering kjem som eit eige punkt.
4.3.1 . Innkomne merknadar / Uttale frå partar // Innkomne merknader / Uttalelser fra parter
Dersom det i saksbehandlinga har kome inn merknadar, f.eks. i samband med ei høyring eller at partane har uttalt seg, skal desse kort refererast her. Dersom det er relevant skal ein her òg inkludera eventuelle merknadar frå barn og unge sin representant etter plan- og bygningsloven § 3-3.
4.4 Konsekvensar // Konsekvenser
Her skal alle relevante konsekvensar gjerast greie for. Er det aktuelt ROS-analyse, skal denne presenterast her (sjå eige punkt om beredskap under).
Dei tre følgande punkta er ikkje ei uttømmande liste over område som må vurderast, saksbehandlar må sjølv vurdera kva andre konsekvensar som det eventuelt må inkluderast ei beskriving av i saksframlegget.
Det som eventuelt kjem i tillegg til punkta under skal gjerast greie for like under overskrifta «Konsekvensar/Konsekvenser», altså før punktet om FNs berekraftsmål.
4.4.1 FN sine berekraftsmål // FNs bærekraftsmål
FN har utarbeidd 17 berekraftsmål. Les meir om desse på FN sine nettsider. Dersom eitt eller fleire av desse er aktuelle i saka, skal desse omtalast under dette punktet. Ein skal altså ikkje gå gjennom alle 17, men velja ut dei som er relevante.
Konsekvensar på område som folkehelse og klima skal behandlast her, jf. høvesvis berekraftsmål nr. 3 og 13.
Dersom dette punktet klart ikkje passar sakstypen, kan punktet slettast. Elles skriv ein «ikkje vurdert» under dette punktet.
For kommunar som ikkje har vedtatt eller på anna vis følger opp FN sine berekraftsmål eksplisitt, vil dette punktet ikkje finnast i malen. Konsekvensar på område som blir dekka av berekraftsmåla må då behandlast under hovudpunktet «Konsekvensar / Konsekvenser».
4.4.2 Økonomiske konsekvensar // Økonomiske konsekvenser
Her skal det gjerast greie for dei økonomiske konsekvensane av saka, som kostnadar etc.
Dersom dette punktet klart ikkje passar sakstypen, kan punktet slettast. Elles skriv ein «ikkje vurdert» under dette punktet.
4.4.3 Beredskap
ROS-analyse knytt til beredskap skal presenterast her.
Dersom dette punktet klart ikkje passar sakstypen, kan punktet slettast. Elles skriv ein «ikkje vurdert» under dette punktet.
4.5 Vurdering
Under dette punktet skal ein vurdere saks- og faktaopplysningane og konsekvensane som ein har presentert under punkta over. Det er her ein drøfter, veg opplysningar mot kvarandre, gjer greie for administrasjonen sine synspunkt og så vidare.
Hugs å drøfta både fordelar og ulemper, og å behandla all informasjon som er tatt med i punktet for saks- og faktaopplysningar og konsekvensar.
Hugs at det er kommunedirektøren/rådmannen som er den som vurderer. Skriv derfor ikkje «kommunen meiner», «administrasjonen vurderer» e.l.
4.6 Kommunedirektøren/rådmannen sin konklusjon // Kommunedirektørens/rådmannens konklusjon
Her skal det komma fram korleis det blir konkludert i saka, og dermed kvifor framlegget til vedtak er som det er. Dette kan gjerast relativt kort. Er det f.eks. fleire alternativ i saka, er det under dette punktet det føretrekte alternativet skal bli utpeikt.
Konklusjonen her skal følga naturleg av vurderinga som er gjort i føregåande punkt. Dersom teksten under «Vurdering» gir inntrykk av at konklusjonen vil bli motsett av kva han faktisk blir, må saksbehandlar revidera denne.
Punktet her skal ikkje innehalda nye fakta eller vurderingar.
4.7 Aktuelle lovar, forskrifter, avtalar m.m. // Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.
Vis til det rettslege grunnlaget for saka. For lovar og forskrifter treng ein ikkje visa til konkrete paragrafar, desse viser ein til i sjølve teksten.
4.8 Vedlegg
Dersom saksbehandlar legg inn vedlegg på same journalpost som sakspapiret, generer WebSak automatisk ei liste over desse her.