Ordensreglement for skulane i Tysvær
7 Sanksjonar
Alle sanksjonar skal vere slik at eleven forstår kva for reglar som er brotne, og kvifor skulen må reagere på dette.
Sanksjonane skal stå i rimeleg forhold til regelbrotet. Eleven sin alder og føresetnad for å forstå konsekvensen av eigne handlingar må vurderast. Sanksjonane skal også komme så nær regelbrotet i tid som mogleg.
Kollektiv straff er ikkje tillate. Sanksjonar kan berre bli gitt til den eleven eller dei elevane som har gjort seg skuldige i brot på reglane.
Fysisk refsing eller anna krenkande behandling er ikkje tillate. Pålagt arbeid for å rette opp skade kan ein ikkje sjå på som fysisk refsing.
Ved regelbrot kan skulen nytte følgjande sanksjonar:
- Munnleg/skriftleg åtvaring
- Kontakt med heimen, og involvering av føresette
- Pålegg om oppgåver for å rette opp skade som er påført skulen sin eigedom eller eigendelar (utbetre skadar, rydde søppel, vaske, fjerne tagging o. l.)
- Eleven må vere på skulen før eller etter skuletid for samtale eller utføring av pålagde oppgåver
- Endring av tid for friminutt
- Inndraging av
- gjenstandar som kan brukast til å gjere skade
- gjenstandar som forstyrrar arbeidsro og undervisning
- tobakk og rusmiddel
- Bortvising jf. opplæringslova § 9 A-11. Bortvising
- frå klasse/gruppe i inntil to timar (reglar for tilsyn gjeld) kan gjerast av lærar
- frå skulen, resten av skuledagen
- for lengre tid –inntil tre dagar (berre ungdomstrinnet)
- Nedsett karakter i orden og/eller åtferd, jf. forskrift til opplæringslova § 3-5 -§ 3-7 - Bytte av klassemellombels eller permanent
- Bytte av skule jf. opplæringslova § 8-1, tredje ledd
- Krav om erstatning
- Melde til politiet
Eleven pliktar å overhalde sanksjonen han eller ho er gitt. Viss eleven ikkje overheld sanksjonane, kan det bli gitt nye sanksjonar.
7.1 Nærmare om inndraging
Ulovlege gjenstandar vert leverte til politiet. Andre inndregne gjenstandar vert leverte tilbake til eleven eller eleven sine føresette.
7.2 Nærmare om bortvising
Rektor vedtar bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Andre tiltak/ sanksjonar skal vere vurderte først. Før ein set i verk vedtak om bortvising som inneber at eleven vert sendt heim, skal føresette alltid varslast.
Bortvising kan ikkje nyttast som sanksjon på SFO og leksehjelp då dette er rekna som elevane si fritid.
7.3 Nærmare om erstatningskrav
Ved skade eller hærverk på skulen sine bygningar og/eller eigendelar kan eleven, i tillegg til å bli gitt andre sanksjonar etter ordensreglementet, også bli erstatningsansvarleg, jf. skadeerstatningslova § 1-1. Føresette kan bli erstatningsansvarlege etter skadeerstatningslova § 1-2, andre ledd.
7.4 Fråvær
Ugyldig fråvær er brot på ordensreglementet. Viss ein elev i 1.-2.klasse ikkje møter på skulen og føresette ikkje har meldt frå om dette, vil skulen ta kontakt med føresette. Fråvær skal legitimerast skriftleg seinast fyrste dag eleven er tilbake på skulen.
7.5 Bruk av mobiltelefon
Mobiltelefon skal nyttast i tråd med prinsippa om respekt for psykososialt miljø og arbeidsro. Mobiltelefonen skal ligga avslått i sekken i skuletida, utover dette regulerer skulens tilsette bruk. Reglar for bruk skal utarbeidas i samarbeid med elevrådet. Uønska bruk fører til inndraging resten av skuledagen.
7.6 Bruk av datautstyr
Skulens tilsette regulerer bruk av datautstyr. Tysvær kommunes IT-reglement skal gjerast kjent for tilsette og elevar. Uetisk bruk fører til sanksjonar jf. §8.
7.7 Sykling
Føresette avgjer om elevane får sykle på skulevegen eller ikkje. Viser til trygg trafikk sine anbefalingar.
7.8 Tobakk og rusmiddel
Det er ikkje tillate å ta med eller bruke tobakk/snus, alkohol eller andre rusmiddel i skuletida eller på turar, arrangement o.l. som skjer i skulen sin regi.