Ordensreglement for skulane i Tysvær

8 Saksbehandling

8.1 Generelt

Behandlinga av brot på ordensreglementet følgjer reglane i opplæringslova § 9 A-10 og § 9 A-11 og sakshandsamingsreglane i forvaltningslova kap. III og kap. VI. 

Før ein bestemmer seg for å gi sanksjonar, skal eleven ha høve til å forklare seg for den som tar avgjersla. Denne uttaleretten gjeld i forhold til alle typar sanksjonar.

8.2 Enkeltvedtak

Ved alvorlege regelbrot der det er aktuelt å nytte sanksjonar som bortvising eller permanent bytte av klasse eller skule, må det fattast enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 b. 

8.3 Sanksjonar utan enkeltvedtak

Ved avgjersler som ikkje er enkeltvedtak, pliktar skulen å sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg, og at ein eventuell sanksjon vert gitt på eit grunnlag som er forsvarleg i forhold til kva type regelbrot det er. Skulen må vurdere om føresette skal bli kontakta.