VELKOMEN TIL FØRESETTE OG BORN SOM SKAL BYRJA PÅ SKULEN HAUSTEN 2024

Tysværvåg barne- og ungdomsskule inviterer til innskriving i skulen 

Tid: torsdag 23. november kl. 9.00-11.00 

Stad: musikkrommet

Kjære foreldre og føresette 

Så er tida komen for å skrive seg inn i skulen. Me gler oss til å møta dykk og elevane.

I samband med innskriving vil skulen etterspør ein del opplysningar. De finn og informasjon om målform i eit eige skriv. Tysværvåg barne- ungdomsskule er ein nynorskskule, så alle elevane er ført opp med nynorsk. SFO påmelding via føresettportalen. Elevar som begynner på første trinn har oppstart på SFO ved skulestart medio august. 

Elevar og føresette møter utanfor musikkrommet. Rektor ynskjer velkomen og elevane blir lest opp. Etter kvart som elevane blir lest opp blir dei med fadrane sine. Fadrane og lærarar vil hjelpa dei i ein aktivitet slik at dei får tid til å bli kjende med kvarandre. Når aktiviteten er godt i gong vil rektor informera føresette på musikkrommet. Wenche har ei kort økt om leseførebuing. Elevane spis saman med fadrane sine, ta med matpakke og drikke. 

 

Venleg helsing 

Geir Dybdahl, rektor