VELKOMEN TIL FØRESETTE MED BARN SOM SKAL BYRJA PÅ SKULEN HAUSTEN 2026

 

Tysværvåg barne- og ungdomsskule inviterer til innskriving i skulen

Tid: torsdag  27. november kl. 9.00-11.00

Stad: musikkrommet

Kjære foreldre og føresette

Så er tida komen for å skrive seg inn i skulen. Me gler oss til å møta dykk og elevane.

I samband med innskriving vil skulen etterspør ein del opplysningar.

Tysværvåg barne- ungdomsskule er ein nynorskskule, så alle elevane er ført opp med nynorsk. Det kjem informasjon om målform i eit eige skriv.

Elevar og føresette møter utanfor musikkrommet. Rektor ynskjer velkomen og elevane blir lest opp. Etter kvart som elevane blir lest opp blir dei med fadrane sine.

Fadrane og lærarar vil hjelpa dei i ein aktivitet slik at dei får tid til å bli kjende med kvarandre. Når aktiviteten er godt i gong vil rektor informera føresette på musikkrommet. Liv har ei kort økt om leseførebuing.

Elevane spis saman med fadrane sine, ta med matpakke og drikke.

 Ta kontakt om noko er uklart.

Telefon: 905 13 728

E – post: tysvervagadm@tysver.kommune.no

 Venleg helsing

Geir Dybdahl, rektor