VELKOMEN TIL FORELDREMØTE FOR FØRESETTE MED BARN SOM SKAL BYRJA PÅ SKULEN HAUSTEN 2023

Tysværvåg barne- og ungdomsskule inviterer til innskriving i skulen

Tid: onsdag 30.11. kl. 9.00-10.45

Stad: musikkrommet

 

Kjære foreldre og føresette

Så er tida komen for å skrive seg inn i skulen. Me gler oss til å møta dykk og elevane.

I samband med innskriving vil skulen etterspør ein del opplysningar. Nytt av året er digital registrering av elevane som kjem ein av dagane på Visma.

De finn og informasjon om målform i eit eige skriv. Tysværvåg barne- ungdomsskule er ein nynorskskule, så alle elevane er ført opp med nynorsk.

Elevar og føresette møter utanfor musikkrommet. Rektor ynskjer velkomen og elevane blir lest opp. Etter kvart som elevane blir lest opp blir dei med fadrane sine.

Fadrane og lærarar vil hjelpa dei i ein aktivitet slik at dei får tid til å bli kjende med kvarandre. Når aktiviteten er godt i gong vil rektor informera føresette på musikkrommet. Wenche har ei kort økt om leseførebuing.

Elevane spis saman med fadrane sine. Hugs matpakke og drikke.

 

Venleg helsing

Geir Dybdahl, rektor