Slik blir den nye kvardagen

Då har regjeringa sagt korleis den nye kvardagen blir. No er kravet til avstand ikkje lenger eit råd. Munnbind er ikkje lenger eit krav. Skulen har ikkje lenger trafikklysmodell, berre som ein beredskap. Krav om karantene er ikkje lenger gjeldane for skuleborn. Skuleborn må ikkje teste seg, berre vere heime med feber og til dei har vore utan feber i eit døgn. Milde restsymptom som rennande nase, snørr, hås hals og litt hoste er greitt. 

DEN NYE KVARDAGEN

Me på skulen vil ikkje lenger gi tilbod om testing på skulen, men elevar som får symptom kan få ringe heim. Det er føresette som avgjer om born skal teste seg. Skulen skal sjølvsagt ta omsyn til dei med nedsett immunforsvar.

Allereie på måndag skal heile barneskulen ha framsyningen Starwårs i gymsalen og me gleeeeeeeer oss. Det er første gong på lenge.

EKSAMEN

I går avlyste kunnskapsministeren alle ordinære eksamenar som gjer at munnleg og skriftleg eksamen for 10. klasse blir avlyst. Dei tre ungdomsskulane i Tysvær har saman blitt einige om at elevane skal ha ei munnleg prøve på oppsett dato 8. juni og skriftelege prøvar i engelsk, norsk og matematikk i perioden 18 – 31 mai. Nå må me saman bruke tida godt slik at elevane får eit best mogleg grunnlag for vidare utdanning. Det er godt for elevane å vite korleis våren blir, og me skal gjere det me kan for at dei står best mogleg rusta for framtida.

TAKK

Sjølv om pandemien ikkje er over så er det likevel trygt å vere tettare på kvarandre, men me skal respektera dei som framleis er litt usikre.

Eg vil nytte høve til å takke alle saman, føresette, elevar og tilsette for framifrå innsats i den krevjande tida som har vart i snart to år. Det har vore vanskeleg for oss alle, men no skal me sjå framover og gleda oss over at me får kvardagen attende. Tusen, tusen takk.

Statsministeren minner om at sjølv om me no er tilbake til kvardagen så skal me vere klar om det blir endringar og det skal me vere.

Ha ei strålande helg.

Du kan sjå endringane her.