NRK klassequizen og språkdag for ungdomsskulen

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde

I dag var John Thomas, Linda og Filip med på klassequizen som NTK arrangerer. Korleis det gjekk kan du sjå på Nrk Rogaland seinare i dag. Dei legg ut link til innslaget. Kjekt at me er med her og får vise frem kjekke ungdomar.

Ungdomsskulen har språkdag i dag med grupper på tvers av klassane. Kjekt at me kan vere i lag på tvers igjen.

Legg ved nokre bilete frå dagen.

Denne veka vil me gjennomføra elevundersøkinga frå 5. klasse og opp. Snakk litt med elevane om korleis dei har det på skulen og om kor motiverte dei er. Motivasjon og trivsel må sjåast på ut i frå ståstaden om skuleplikt og at det ikkje er eit alternativ, og ikkje gå på skulen.

Ein seier kanskje ofte at ting er keisamt og at det er tema  ein ikkje er så interessert i. Det kan og vere at dei kjenner på dei skulle hatt meir å sei i forhold til eiga læring. Dette skal me sjølvsagt ta på alvor, men det er viktig at me forstår at skulen er en viktig arena for læring og utvikling, og at av og til er det hard arbeid som må til.

Me opplever at elevane er trygge og trivelige, så me er veldig godt nøgde med skulekvardagen.

I tida fram mot jul legg me op til fleire aktivitetar der me er saman på tvers av trinn og alle samla. Korleis dette blir må me vente og sjå til korleis smittesituasjonen er når me kjem til desember.

Me håpar og trur at me kan få til mang kjekke fellesopplevingar.