MGP jr og aktivitetsdag

Læring er samansett. Det handlar om fag. Det handlar om å vere ein god ven. Det handlar om å meistre kvardagen. Det handlar om å bli sett. Det handlar om sjå andre. Det handlar om vere glad. Det handlar om å takle motgang. Det handlar om å reise seg. Det handlar om meistring av nye ting, få til noko i dag som var vanskeleg i går. Det handlar om lære sjølv og lære noko videre til andre. Det er samansett.

Onsdag og torsdag har elevane vært mykje i lag på tvers av klassane og gjort ting som ikkje alltid blir definert som læring, men som kanskje er den viktigaste kunnskapen dei kan skaffa seg. Vere saman, anerkjenna kvarandre, le saman og kjenne meistring. Vere eit godt medmenneske som kan hjelpe andre som har det vanskeleg.

Onsdag fekk barnesteget vere med på ei framsyning som valfag sal og scene hadde laga. Det var rørande å sjå kor flinke dei var og korleis dei små koste seg. Det var fantastisk!

Torsdag var det Trivselsleikar og jogging til inntekt for Barnekreftforeninga i samarbeid med Team Rynkeby. Eit strålande haustvêr laga ei fantastisk ramme for denne utedagen. Arild Stokkenes og Jan Michael Leifsen lokale medlemmer av Team Rynkeby stilte opp og sprang saman med elevane. Sprekt!

Innsamlinga er godt i gong og det er allereie samla inn over 8000 kroner. Tusen takk til alle som har gitt.

Slik betaler sponsorene

Beløpet betales gjennom å gå til denne nettsiden:

https://gi.barnekreft.no/participant/tysvaervag-barne-og-ungdomsskole-2022               

 

Her er nokre glimt frå torsdagen. Så ynskjer eg alle ei strålande helg, når me kjem så langt.