Leirskule på Voss

I ei uroleg tid med mykje trist og skremmande som skjer er det utruleg kjekt at Tysvær kommune gir tilbod om leirskule. Det er eit  fantastisk flott tilbod og når tilhøva er som no med 2 meter snø og kaldt og klårt vinterver er det berre lekkert.

Eg er stolt av å vere tilsett i ein kommune som tek leirskuleavtalen på alvor og gir dette tilbodet. Dette er livsmestring i praksis. Her får elevane kjenne på kjensla av mestring, spenning, vennskap, samhald og læring.

Legg ved litt bilete frå dagen i dag. 2 meter snø og heile anlegget er opent. Lærarane rapporterer om ein fantastisk dag.

Ser fram til neste torsdag då heile skulen skal få oppleve mestring på ski i Svandalen eller skøyter i Ishallen.