Kjære foreldre og føresette.

Det er utruleg kor omstillingsdyktig hjernen vår er, og kor fort me tilpassar oss endringar i kvardagen.

For oss som har levd ei stund er dei to åra med Corona ein kort periode i livet, for elevane har det vore ein stor del av livet.

Kvardagen er nå meir eller mindre nett som før 12. mars 2020, men med andre bekymringar enn Corona.

Høge strømprisar gir trongare økonomi for dei fleste av oss, og ein fæl og meiningslaus krig herjar i vårt kjære Europa. Krigen har me fått tett på no, med åtte flyktningborn på skulen. Sjølv om det er trist at dei måtte forlate heimlandet, er eg glad for at me får læra dei å kjenne. Det er ein rikdom å sjå kor glade dei er for å vere her, og eg trur det gjer noko med oss alle å vite at dei måtte rømme heimanfrå. Det er og kjekt å vere vitne til alt det som skulekrinsen gjer for å hjelpe desse. Det varmar og seier noko om omsut for andre. Takk!

I år blir julegåva til dei tilsette gleda av å kunne gleda andre. Me har kjøpt inn bleier som er sendt til Ukraina for pengane som skulle gå til gåver.

Eg håpar at me tar ein time-out i jula. La barna sove lenge, sleppe mas, leike og sleppe plikter. Kjenne på at livet er sutlaust og herleg! Gi dei tru på framtida! Ta dei med på tur i naturen og nyt late dagar. Ikkje snakk om straumprisar og krig. 

Så veit eg veldig godt at nokon av dykk som les dette har det vanskeleg eller kjenner nokon som slit. Det er mange ulike grunnar til at livet ikkje alltid er like lett. Det er trist å tenkje på, men saman må me prøve å få til ei lys framtid for alle. Me bur i eit land med alle moglegheiter, men me må vere der for kvarandre. Me må våge å bry oss.

Dei dagane med snø som var i desember minte meg om eigen barndom. Elevar på tvers av klassane aka og leika i snøen frå dei kom til skulen og i alle pausar gjennom dagen, akkurat slik me gjorde. Skilnaden er vel at me var ute store deler av dagen heile året, og tilpassa aktivitetane til årstida. Det er likevel eit bevis på at elevane framleis kan leike saman, utan at vaksne har ei stor rolle.

Evalueringa av 6-åringen inn i skulen syner at leiken har tapt for kravet om kunnskap. Rapporten seier at det må vere  meir leik, meir frileik og større valfridom for dei minste. Alle skal ikkje klare det same når dei er 6 år.

Barndom er eit tema som er mykje til debatt. Det er ikkje eit enkelt svar på korleis ein optimal barndom er, men forsking tyder på at ungar må få prøve og feile, møte motstand og inngå kompromiss. Lærer dei ikkje det, mistar dei viktig erfaring på vegen som faktisk kan vere skadeleg for den kognitive utviklinga. Eg trur me må vise tolmod og la barna få løyse konfliktar sjølv i større grad enn det som er tilfelle i dag. Det er sjølvsagt ei grense for kor langt ting kan gå, men kanskje me skal prøve ein meir passiv tilnærming? Hjelp til sjølvhjelp kan vere ei tilnærming.

I år kjem det inga oppsummering av elevundersøkinga. Udir har bestemt at den ikkje blir offentleg før 20. januar 2023. Då blir den lagt ut for heile landet. Elevane gjennomførte ho 2. desember. Eg kjem attende til den. Foreldreundersøkinga er nett gjennomført og resultata her vil og bli lagt fram på nyåret. Kjekt at mange tok seg tid til å svare. Takk!

Julemarknaden som var i byrjinga av desember var eit veldig kjekt tiltak, som me håpar blir ein tradisjon.

I år har kommunestyret vedtatt TK–230. Eg skal vere varsam med politiske betraktningar, men registrerer at den peiker på nokre utfordringar. Færre unge, fleire eldre. Det vil seie at pengane må brukast annleis i framtida. Prognosane tyder på at Tysværvåg vil ha lågare elevtal på sikt. På kort sikt ser det ennå greitt ut, men på mellomlang sikt kan det tyde på at me vil bli ein mindre skule. Eg er likevel optimist. Utbygging på Gismarvik kan føre til fleire busette i søre Tysvær. Equinor vil vere ein hjørnesteinsbedrift i regionen i mange år. Rogfast kan på lang sikt endre mykje av busettingsmønsteret i distriktet. Eg har tru på ein berekraftig skule i fleire år og eg meiner me har ein god skule som har som mål å bli endå betre. Det får me til saman, me vil at alle er med og peiker på ei ynskja retning.

Eg vil takka for nok eit fint semester. Elevane er fantastiske, personalet positive og samarbeidet med dykk som eige ungane er veldig bra. Tusen takk for at me få låne dei.

Me ynskje at alle elevane skal oppleve meistring og glede kvar dag. Den jobben får me best til saman. 

God Jul og Riktig Godt NyttÅr

Legg med eit dikt som kanskje passer ekstra godt i år.

Den største gleda ein kan ha,
det er å gjera andre glad;
og vil du gjerne lukka nå,
då først deg sjølv du gløyma må.

Og vil du sanka gods og gull,
du aldri får din bankboks full;
du må ha meir, får aldri ro;
eit hundre først – og sidan to.

Nei, gjer deg nøgd med det du har,
og prøv å gjera andre glad;
turk tårer bort der du dei ser,
og gjer det lyst der mørkt det er.