Kjære foreldre og føresette

Då er nok ei veke over, og jula nærmar seg. Før me går inn i feriemodus skal vi ha fleire kjekke veker saman med borna dykkar.

Neste veke skal me ha fokus på skriving, og inkludering er tema for skrivinga. Klassane vil ha ulik tilnærming til tema, men målet er det same. Gjennom varierte aktivitetar skal dei fokusera på inkludering og skriving skal vere eit reiskap. Skriving er ein grunnleggande ferdigheit. Eit av måla i lokal strategiplan er å auka skriveferdigheitene.

MOT handlar om inkludering og MOT elevane vil arrangere MOT til å glede dag for alle elevane på måndag.

På onsdag tek me i mot ny 1. klasse. Dei blir 19 elevar og det er alltid kjekt å møte spente skulestartarar.

7. desember inviterer me dykk til Julemarknad på skulen kl. 16.30. Elevane har planlagt ulike aktivitetar. Det var kjempekjekt i fjor og me trur det blir like kjekt i år.

Sidan inkludering er tema neste veke så legg eg ved denne fine filmen som 3. klasse har laga i haust. Den er veldig fin, og får fram bodskapen på ein flott måte. Du kan sjå filmen her. (MP4, 31 MB)