Kjekt at så mange tok turen på julemarknaden på onsdag. Det er veldig motiverande å invitera når responsen er så god. Peparkakebyen fenga, fleire og fleire bidreg i konkurransen. Heile 55 elevar deltok, i tillegg til 6. klasse. Kjempebra. Juryen hadde ei særs krevjande oppgåve. Det var utruleg mykje bra!
Vinnarane som er kåra av ein jury beståande av tilsette og elevar blei:

Beste byggverk: Georg 6. kl. og Knut 10. kl.

Mest kreative bidrag: Matteus 7. kl.

Finast pynt: Jakob 7. k., Johan 4. kl. og Josva 2. kl.

Finast vindauga: Sigrid 3. kl. og Trym 7. kl.

Det koselegaste bidraget: Mari 6. kl.

Premien får dei siste skuledag før jul.
I år var det òg ein teiknekonkurranse som 7. klasse arrangerte. Heile 35 bidrag kom inn.



Albina i 7. klasse sin teikning blei kåra til den finaste.

JULEHELSING 2024
Vi lever i eit samfunn der kost – nytte stadig får meir fokus på fleire områder i livet, og uttrykket «what`s in it for me?» er blitt ein gjengangar. Ein kan sei at fokus er flytta frå tanken om at me i fellesskap skal ha det bra, til fokus på den einskilde. Kva gjere det med dei som veks opp, og kva gjere det med oss vaksne? Dagleg blir me minna på alt som er vondt og vanskeleg, og kanskje er fokuset på alt som er bra og fantastisk for sjeldan på menyen. Gløymer me å vere til stades i kvardagen? Tek me oss ikkje tid til berre å nyta? Tek me oss tid til å gjere det me har lyst til, eller tek me berre omsyn til andre, og kva dei vil med våre liv? Kor ofte seier me at ting er godt nok, eller i dag vil eg berre gjere noko eg har lyst til? Når gjekk du sist på besøk utan anna formål enn å snakka med nokon du set pris på? Eg trur «saktetid» er eit omgrep me kan sjå nærare på. Grip dagen er ein annan måte å sei det same på. Stoppe opp, ikkje berre springe etter, men ta aktiv del i det som skjer rundt oss. Julemarknaden er ein slik ettermiddag kor me tek oss tid til berre vere saman, og eg trur mange set pris på denne tradisjonen.
Det er utruleg mykje som har endra seg sidan eg tok IKT på lærarhøgskulen i 1986. Då måtte eg kjøpe meg ein pc som kosta over 20 000 kr. 20 000 kr var meir enn ei månadsløn som nyutdanna lærar i 1989. Eit lite tiår seinare skaffa me oss vår første mobiltelefon, ein Nokia med kontantkort til å ringe heim med når me var på reis, eller til å sende ein og annan tekstmelding med. På 90 talet mister òg NRK sitt monopol som einaste fjernsynskanal og etter kvart er ikkje NRK sendingane eit felles referansepunkt for folk flest. Kontantar er for lengst eit tilbakelagt stadium, mobil og klokker kan nyttast til betalingstenester. Førarlause bussar og båtar, Chat GPT og AI viser at potensialet for utvikling kan sjå grenselaust ut.
Likevel trur eg at kvar einskild av oss har grunnleggande behov for livsmeistring og ber på drøymar. Dei trur eg er uavhengig av den teknologiske utviklinga som skjer i eit rasande tempo. Ei av utfordringane eg ser, er at barn og unge fryktar at deira draumar er uoppnåelege, at dei ikkje får dei karakterane dei treng for å få den utdanninga dei ynskjer. At andre ikkje tykkjer dei er like kjekke og kule som dei andre som dei samanliknar seg med. At dei skulle vært sterkare, finare, tynnare, smartare, lågare eller høgare. Jaget etter det perfekte øydelegg for gleda over å leva i eit av verdas best utvikla demokratiske land, kor moglegheitene til eit fantastisk liv absolutt er til stades. Ein bekymrar seg for mykje over ting som ikkje er viktig, men som får stor merksemd. Influensarar utan anna bodskap enn tankelaus fokus på utsjåande og underhaldningsprogram heilt utan empati gjer det vanskeleg for barn og unge og ta gode val.
Me har alle gode og mindre gode dagar, og slik vil det alltid vere. Det er ikkje mogleg å gå gjennom livet utan å støyta på problem. Me må berre bli betre på å skilje ut kva som er bagatellar og kva som er verkelege problem. Så må me øve oss på å stå i problema og takle utfordringane betre. Stamina er eit godt uttrykk for å stå i ting over tid. Det er ikkje alt som kan løysast med ein telefon eller at andre fikser opp. Når elevane fortel om skuledagen og noko har vore vanskeleg så er det viktig at me vaksne vurderer om dei fortel dette for å få medkjensle, eller om dei fortel det fordi me skal hjelpa dei med det. Me må snakka med dei om dette. Eg trur elevane veks på å kunne fortelje, bli møtt med medkjensle og øve seg på å takle litt motstand. Dei blir meir motstandsdyktige. Me skal sjølvsagt ikkje bagatellisere eller godta at elevar blir krenka, men gi dei tryggleik og omsorg slik at dei kjenner rett grad av kontroll. På same måte som risikolek får det til å kile i magen og motiverer, kan passeleg grad av stress frigjere positive emosjonar.
Eg håpar 2025 kan bli eit år me jaktar på gode opplevingar saman, og legg til rette for kvarandre. Alle kan me gjere ein forskjell i eigne og andre sine liv.
Til våren skal me lage eit utekjøkken på Sørhaugen. Elevane har gjennom elevrådet fått inn 40 000 til dette, og så har med fått same sum i statleg støtte. Me startar opp med arbeidet som skal gjerast av elevane, tidleg på nyåret. Mykje av materialane er allereie kjøpt inn. Me trur det vil vere med å gjere skuledagane kjekkare og meir varierte. 7. klasse sitt prosjekt i Straumane med bygging av gapahaukar syner at praktiske oppgåver ute, er motiverande og samlande for klassar.
Rådmannen har varsla at 2025 er året der kommunen må sjå etter løysningar som flyttar pengar frå oppvekst til omsorg. Det blir færre unge og fleire eldre. Det blir gjort store investeringar i nytt helsekvartal og hausten 2025 står ny ungdomsskule klar på Frakkagjerd. Det er ikkje peika ut kva for endringar som kjem, men at det blir endringar. Det blir opna for høyringar blant innbyggarane før ein skal samlast om vegen vidare.
Det er ei kjensgjerning at medan det var omlag 5 i arbeid for kvar pensjonist på 1960, er det i dag mellom 2 og 3 yrkesaktive for kvar pensjonist. Det blir født færre ungar, folk lever lengre og fleire tar aldri del i arbeidsstyrken. Talet på yrkesaktive for kvar pensjonist vil mest truleg vere færre enn 2 i 2060. Det er alarmerande.
Det er viktigare enn nokon gong at me som jobbar med, og de som oppdrar, neste generasjon med yrkesaktive, lukkas med oppdraget. Skal me oppretthalde høg levestandard så må me få alle i arbeid. Framleis er det ein høg del av elevane frå Tysvær som går ut av vidaregåande skule med fullført og bestått. Det er eit godt utgangspunkt. 7 av 10 elevar i Tysvær vel yrkesfagleg utdanning. Det er noko meir enn Rogaland og landet, men me treng folk i alle yrker. Det viktigaste er å fullføre og bestå. Den viktigaste jobben me kan gjere er å motivere og legge til rette for at kvar einskild lukkas med å få seg ei yrkesaktiv framtid. Det skal vere fullt mogleg å få dette til kombinert med eit liv i balanse. Me må trygge elevane på at dei er god nok akkurat slik dei er og at dei duger.
På vegne av personalet ynskjer eg alle riktig god jul og godt nyttår!
