Eg vil takke alle elevar, føresette og tilsette for eit fantastisk fint år. Det har vore så fint å vende attende til slik det var før pandemien. De er så mykje kjekkare å kunne vere fleire saman og klemme kvarandre, når det må til. Bilete under er frå aktivitetsdagen og av elevar som har lunsj. Slike dagar gir påfyll ,i dobbel forstand, for vaksne og elevar. Me gjer kjekke ting saman. Eg vonar det blir mange slike dagar neste år.
Eg håpar sjølvsagt at alle elevane kan sjå tilbake på skuleåret og tenkje, ja – det var ganske greitt. Eg er naiv viss eg trur at alle har det bra heile tida, at ingen har møtt motstand og ikkje heilt funne sin plass.
Det same gjeld dykk heime, nokon har hatt fleire utfordringar enn andre.
Målet er at me finn ut av dei saman, og prøver å finna løysningar som kjem elevane til gode. Elevmedverknad er eit stikkord. Foreldresamarbeid eit anna. Me kan ikkje løyse problema for elevane, men saman med dei.
I Aftenposten var det ein skrivekonkurranse om det å vekse opp i 2022. Ei 18 år gamal jente vant konkurranse. Ho skreiv mellom anna dette.
"Problemet er at du ikkje lærte meg at når eg ramler, så reiser eg meg opp igjen – fordi eg aldri fekk ramle. Dermed blei den minste fartsdump eg møtte på min vei i ungdomstida, til mi største ulykke. Eg blei, som fleire av venene mine, aldri rusta til å møte ein realitet og eit vaksenliv som inneheld utfordringar og vanskar. Vi maktar ikkje å vere lykkelege når foreldra byggjer oppveksten på ein løgn ; at livet er lett."
Eg har tenkt mykje på kvifor fleire og fleire seier dei sliter med den psykiske helsa, sjølv om dei aller, aller fleste seier dei trivest på skulen. Eg ser ikkje eit tydeleg svar på dette, men eg er sikker på at noko av løysninga er eit godt samarbeid heim – skule – elev. At me unngår polarisering og fordeling av skyld. Så trur eg på det som jente 18 år skriv, at både heim og skule må la elevane prøve og feile og sjølvsagt støtte dei på vegen, men la dei kjenne på motstand.
Me skal gjere det som står i vår makt for kvar einskild av dei som kjem til hausten skal få det trygt hjå oss og oppleve glede og meistring.
Eg gler meg allereie til 22. august og skulestart. Særleg kjekt er det å ta i mot ny 1. klasse med 14 elevar og spanande med ein stor gjeng frå Førland i 8. klasse. Heile 18 elevar gjer at 8. trinn blir 41 elevar.
Takk, for eit godt samarbeid i året som gjekk og på vegne av alle tilsette ynskjer eg alle ein flott sommar.