God sommar!

Då er me komen til ferien for elevane. Ein lang sommar, utan skule og faste rutinar ligg framføre dei. Saman har me fått til mykje god læring og skapt kjekke minner for vaksne og born. Nå skal det kvilast.

Eg håpar sommaren blir fin, at dei får det kjekt. Me veit at dei aller, aller fleste ser fram til ferie, men for nokon blir det vanskeleg. Når skulestart nærmar seg, er dei aller, aller fleste klar, men nokon kvir seg. Eg håper at me alle kan ha eit ekstra auge med dei me ser, som ikkje har det glade blikket. Gi dei omsorg og merksemd.

Når skulen startar opp måndag 21. august skal alt vere klart. Helene Søvik Halleland er tilsett som vikar for Helene Breitve, som er tilsett i stillinga til Endre. Helene Breitve kjem i mai. Me har òg lyst ut  ei stilling til som miljøveileiar. Her vil me tilsette i sommar. Me ser fram til å møte dei nye. Karianne blir kontaktlærar i 6. klasse, dei kjenner kvarandre godt.

Skuleåret har gått fint, og ikkje sidan 2019 har me avvikla munnleg og skriftleg eksamen. Det gjorde me i år, og 10. klasse gjorde ein flott innsats. Det at me avvikla eksamen betyr at verden er litt meir tilbake til normalen, sjølv om det framleis er krig i Europa. Det er nokre mørke skyer som heng over oss, men alt i alt er Noreg framleis eit fantastisk demokrati kor elevane har alle moglegheiter til å skapa seg eit supert liv.

Foto: Christina Tangedahl Bakken

Det er mange minner som kjem etter eit skuleår og mykje er lagt ut på FAU si side på Facebook. Økta om vurdering som 10. klasse elevar hadde på Rådhuset, saman med Henny Helen,  var eit flott augneblink. 

Økt om vurdering på Rådhuset for rektorar, PPT og skuleigar.

Så er det alltid kjekt med aktivitetsdagar, for heile skulen.

Vinnarane av skulestafetten

I år var det ei samling for småskulen på prestegarden. Ei ny og kjekk oppleving.

Samling for småskulen på prestegarden

I kommunestyret førre veke la rådmannen fram kvalitets- og utviklingsmeldinga for Tysværskulen 2022. Den blei godt motteken og den syner at me jobbar godt i Tysværskulen. Pilene peikar i rett retning. Det er likevel ingen grunn til å kvila, men må framleis arbeida målretta med forbetringar og syte for at alle elevane opplever meistring, trivnad, tryggleik og motivasjon. Det gjer me best med å samarbeida og snakka saman.

Måten skulekrinsen har tatt i mot dei 12 ukrainske elevane på er eit av høgdepunkta dette skuleåret og neste skuleår kjem det to til, i 1. klasse. Alt i frå reparasjon av bilen deira, nye syklar,  bakekveld, friluftstur, camping, og i sommar blir det to aktivitetskveldar. Det er så kjekt å sjå. Tusen takk.  Det viser ein vilje til å inkludera, som er heilt fantastisk. Det som skjer i Ukraina er ein menneskeleg katastrofe, millionar av skuleborn er på flykt. Dei fleste som er på flukt, får ikkje skulegang. Særleg er det vanskeleg å få dette til for dei som er flykta til nærområda. Nabolanda har ikkje kapasitet til å hjelpe alle. Her er heldigvis Noreg langt framme og dei aller fleste som kjem til oss, kjem raskt i gang med skule og utdanning. Tysvær kommune har vært flinke på tilrettelegging og me er stolte over det me får til i skulekrinsen, særleg grunna lokale krefter.

Elevane frå Ukraina på 17. mai.

I det siste har det vore mykje snakk om skulevegring og kor vanskeleg det er for nokre elevar å møte på skulen. Det er trist å lese, og sjå nyhende om dette. Kva som gjer det vanskeleg å møte på skulen er ulikt frå elev til elev, og samansett. Skulevegring er eit omstridt omgrep, det same er dropouts. Tom Tiller som er ein kjent pedagog blant oss skulefolk, seier det like ofte kan handle om pushouts. At skulen ikkje klarer å møte alle elevane på ein slik måte at dei kjenner seg inkludert. Her må me jobbe saman, for å få dette til. Me har alle eit ansvar for at alle elevane kjenner at det er trygt å møte på skulen. Alle elevane har eit brennande ynskje om å møte på skulen og alle føresette vil at dei skal på skulen, men nokon gonger blir det for vanskeleg. Her må alle hjelpe til. Målet må alltid vere å få alle med.

Til hausten er me, saman med Frakkegjerd ungdomsskole, invitert inn i eit forsøk med karakterfritak i orden og oppførsel. Det blir spanande. Og me er trygge på at dette er klokt.

Grunngjevinga til Udir er denne «Formålet med vurdering i orden og oppførsel er å fremme sosial læring, sikre at eleven har et trygt og godt skolemiljø, og gi informasjon om elevens orden og oppførsel. I de nye læreplanene som ble innført høsten 2020 er blant annet dybdelæring, kritisk tenkning og elevmedvirkning sentrale temaer. Vurderingen av elevenes orden og oppførsel skal også bygge opp under dette. Karakterene i orden og oppførsel skiller seg fra karakterene i fag på den måten at karakteren tar utgangspunkt i hva elevene ikke må gjøre eller ikke mestrer. Formålet med forsøket er å skaffe et bedre beslutningsgrunnlag som belyser fordeler og ulemper ved å fjerne vurdering med karakter i orden og oppførsel, samt gi oss mer kunnskap om alternative vurderingspraksiser som eventuelt kan erstatte disse standpunktskarakterene»

Eg vil takka  alle tilsette som har bidratt inn i klassane og gjort kvardagen god for elevane. Alle er lika  viktige. Ingen nemnt og då er ingen gløymd, men tusen takk til alle som har gjort sitt til  at elevane klarer å finna vegen i eiga liv.

Til slutt vil eg sei takk til  foreldre og føresette som har lånt vekk ungane  til oss, og stolt på at me klarte jobben. Et godt samarbeid med dokke er avgjerande for å få til god opplæring. Me ser fram til neste skuleår, med glede og stor motivasjon.

God sommar

På vegne av alle tilsette

Geir