God helg

Då er det snart tid for helg etter nok ei kjekk veke på skulen.

Onsdag og torsdag hadde 8. klasse besøk av Axel Rios som er kunstnar: Tema var det gylne snitt og  lage tredimensjonale figurar. To dagar med mykje ny læring og eit flott resultat, som er plassert på utsida av klasserommet. Nå er det opp til elevane og dekorere kuppelen. Den blei veldig fin.

Torsdag hadde skulen godkjenning av  Ann Elin og Espen som MOT coach. Anne Kine frå hovudkontoret var og observerte.

 Ann Elin og Espen har vore gjennom fyrste del av opplæringa og skal til Trondheim etter haustferien for meir trening, slik at dei kan bidra til at elevane blir  robuste ungdommar.  

Me er sikre på at dette blir eit godt supplement i arbeidet med livsmeirstring.