Demokrativerkstad - Utøya

Denne veka og neste veke er me så heldige at me får sende elevar og lærarar til Oslo for opplæring i demokrati og demokratiforståing.

Fyrst ut var seks elevar frå 9. klasse, denne veka. Saman med Maria og Endre var dei i Oslo frå tysdag til torsdag.

Neste veke reiser Jorunn med fem frå 10. klasse.

Programmet starta i Oslo tysdag og slutta torsdag.

Det var mellom 25 og 30 deltakarar frå fleire skular. Elevane lærer om terrorangrepet 22. juli 2011. Gjennom interaktive oppgåver, besøk i utstillinga og minnestad lærer dei om kva som skjedde 22. juli og diskuterer årsakar og konsekvensar. Som ein del av 22. juli-senterets prosjekt «Min historie- personlige forteljingar frå og om 22. juli» får elevane møte personar med personlige forteljingar frå og om 22. juli. Med disse inntrykka om 22. juli friskt i minne og Utøya som ramme, utforskar elevane kva dei sjølv, som demokratiske medborgarar, kan gjere for å forsvara og styrka demokratiet vårt.

Ein legg vekt på aktiv og deltakande undervisning kor elevene lærer om, gjennom og for demokrati og menneskerettigheiter. Her utforskar dei blant anna kva som engasjerer oss som medborgarar, tar stilling til demokratiske dilemma og diskuterer korleis førebyggje og svara hatpreik på nett.

Parallelt med elevaktivitetane, har lærarane eit opplegg om korleis undervise om kontroversielle tema og korleis legge til rette for inkluderande diskusjon og meiningsutveksling i klasserommet.

Demokratilæring på Utøya skal bidra til å styrke skulen sitt arbeid med demokrati og medborgarskap. Avslutningsvis skriv elevane ein elevrapport kor dei reflekterer over kva endringar dei har opplevd som følge av deltakinga i læringstilbodet.

Her er eit kort intervju med dei seks som var på demokrativerkstaden, ein oppglødd gjeng som var fulle av lovord om opplegget.

Cato: Kva gjorde mest inntrykk under opphaldet? Å gå på rundt øya og sjå kor ting skjedde.

Mathea: Kva har du lært denne veka. Eg må stå for mine meiningar og respektera alle sine meiningar og at ingen har fasiten.

Amanda: Er det noko som har endra seg med tanke på demokratiforståing? Auka forståing for ulike meiningar og at det ikkje er noko som er feil, berre ulik oppfatning.

Jonas: Kav gjorde opphaldet med deg? Sterke inntrykk. Dei som hadde opplevd Utøya snakka om korleis det var. Ei var mor til ein som var drepen og ei var til stades og måtte gøyma seg. Det må ha vore tøft for etterlatne og dei som overlevde.

Solveig: Svarte opphaldet til forventningane? Før eg reiste tenkte eg at det var meir om sjølve terrorhandlinga. Det var ikkje så mykje om det, men mykje om demokratiforståing.  Trudde kanskje at sjølve opphaldet på Utøya skulle handle meir om dei som flykta, men det var meir  om demokrati og sosialisering.

Rebecka: Kva for minner sit du igjen med? Tidslinja med alle meldingane til foreldra, bileta i Kafehuset og kulehola i veggane. Turen til pumpehuset kor 14 blei drepne. Trass i mange sterke opplevingar fekk eg mange nye vener.

Alle: Kva har det gjort med dykk som gruppe? Meir respekt for ulike meiningar og betre kjent med kvarandre.  Me møtte elevar frå andre skular og har fått nye vener frå Trondheim og Alta.

Ville de gjort det igjen? Ja, det var ei oppleving for livet!