Aktivitetsdag torsdag 17. mars 2022

I veke 11, legg me opp til aktivitetsdag for heile skulen. Me får dette til i eit spleiselag saman med FAU og elevrådet. Det er me svært takksame for.

 

   

Skøytedag Ishallen

Dei som ikkje vil til Sauda skal til Haugesund i Ishallen og stå på skøyter. Det er mogleg å få låne skøyter og hjelm, men dei som har, tek med eige utstyr.

Dagen i Ishallen blir slik:

08.30: Frukost på skulen

09.15: Avreise Haugesund

10.00: Skeising

12.00: Elevane får lunsj

13.30: Retur Tysværvåg

Skidag Sauda

Dagen i Sauda blir slik:

8.30: Avreise med bussar til Sauda

10.30: Framkome Svandalen. Dei som vil på alpint får skikort. Det blir og mogleg å gå langrenn eller berre bruke akebrett. Dei som ikkje har utstyr kan låne komplett slalåmutstyr for 150 kr. Dei ordnar dette sjølv. Det er og mogleg å låne utstyr hjå Skattekammeret i Haugesund, gratis.

15.30: Heimturen startar

Ca 17.00: Framkome skulen.

Me legg opp til at alle som ynskjer det frå 1. – 10. klasse er med til Sauda, og det vil vere mange vaksne som kan hjelpe til. Det er alltid kjekt om føresette vil vere med, det kan vere mogleg å få plass i bussane. Ta kontakt om det er aktuelt. Elevane må ha med mat til heile dagen. Det blir mogleg å grilla og kiosken er open.

Påmelding på Forms seinast fredag 25. februar innan kl. 10.00

NB: Dersom veret ikkje tillèt aktivitetsdag, finn me ny dato!

Helsing

Elevrådet, FAU og skulen.