Kjære alle føresette.
Tid for junibrev og oppsummering av eit fint skuleår som snart går gjennom døra til sommarferie. Det å skapa gode meiningsfulle dagar for elevane våre er det viktigaste arbeidet me gjer på skulen. Dette skuleåret har vore fylt med eit godt innhald. I år har me 83 elevar som har utvikla seg i vekst, leik og læring, og ikkje minst mykje glede på og trivsel på Straumen skule og SFO. Det er god stemning og mykje leik i friminutta.
Eg har lyst å dela fellesopplevingane me har hatt på skulen og FAU sine arrangement. Me starta året med friluftlivsveke i strålande solskinn. Tverrfagleg veke om demokrati og medborgarskap, der første offisielle oppdraget til vår nye ordførar frå Straumen, Monica Lindanger opna heile arrangementet! Joggedag der me slo alle rekordar både i å springa og å samla inn pengar til ei god sak. FAU sin storsatsing i haust var Halloween feiringa. Den var berre heilt unik gjekk det rykter om, og det kan eg forstår for med den dyktige foreldregruppa me har på skulen blir alt vellukka. Adventstida var det tid for øving til den store julefesten. Det var mange år sidan det hadde vore julefest her på skulen så det var ekstra kjekt å få opne dørene til fest igjen på skulen. Dette siste halvåret har me hatt storstilt satsing på lesing saman med den lokale leseaksjonen som biblioteket arrangerer. Det har vore stor leseglede og leselyst blant elevane og mange har tatt et “steg opp” i lesinga si. Me har og fått mange nye bøker på biblioteket og vil forsette å kjøpe inn nye bøker. Dette gjer at leselysten aukar blant elevane våre. Saccosekkar frå FAU er svært populære å sitte i når me har lesestund. Karnevalet til FAU var jo ein fantastisk kveld, elevane er heldige på Straumen. Eg fekk og utfordra meg sjølv og kan sei at “Badebussen” er ikkje enkel å synge 1 men det var veldig triveleg å få vera med på dette Maskorama showet.
I KOH har alle elvane vår jobb med Lars Hertervig sine kunstbilete og dei har sjølv prøvde seg på akvarell maling.
Før me gjekk på påskeferie laga årets 6.klasse til storstilt påskelunsj bord med skulesamling. Nesten alle klassane har hatt skulesamling, berre 1.klasse som skal ha i juni. Kvar samling er veldig kjekke. Det er flott å få sjå kva elevane har jobba med på skulen. Det er mykje glede på scenen og i salen under samlingane. I samanheng med samlingane har me hatt fokus på dei ti forventningane(reglane ) som me øver på, på skulen. Spennande å sjå kven som vinn månadens pokal.
Det vore byggeperiode på skulen i samband med ny kunstgrasbane, og dette har gått heilt “smertefritt”. Eg bøyer meg i støvet for alle dei tolmodige og uthaldande elevane me har på skulen. Tenkte kanskje at det kom til å bli ei utfordring å få mindre og mindre skuleplass, men elevane tilpassa seg og fann på nye aktivitetar andre plassar i skulegarden. Nå går me mot sommartid med mange uteaktivitetar for elevane. Eg vil takka for eit flott år på Straumen skule.
Takk for eit godt samarbeid til alle foreldre! Saman skapar me gode dagar for elevane! Nå ønskjer eg alle ein strålande fin sommarferie.
Oppstart til hausten er 15. august, kl: 08:45
Sommarhelsing frå Grete, rektor.