Hei
Tid for junibrev og oppsummering av eit fint skuleår som snart går gjennom døra til sommarferien.
Eg vil takke dokke føresette for det gode samarbeidet og engasjementet de har vist gjennom dette skuleåret. Dokke har laga til arrangement som halloween og karneval i året også. Det viser kor viktig det er å skapa fellesskap, der alle elevane på skulen er inkludert. På den måten kan me saman skapa eit trygt og utviklande læringsmiljø – ein stad der elevane får vekse, lære og vere seg sjølve.
Eit av dei verkelege høgdepunkta dette året var framsyninga “Over havet - til Amerika”, som me laga saman med alle elevane og tilsette på Grinde. Der fekk elevane verkeleg vist kva VI-fellesskapet saman med fleire betyr. Med kreativitet, mot og samarbeid leverte dei ei oppleving som rørte både oss tilsette og heile salen i Tysværtunet. Det var eit tydeleg døme på kva me kan få til når me står saman – elevar, tilsette og foreldre. TAKK til alle som bidrog for å få dette til.
VI-fellesskapet er noko me jobbar med kvar einaste dag – i klasseromma, i friminutta og i alle dei små og store møta som formar skulekvardagen. Det handlar om å sjå kvarandre, støtte kvarandre og glede seg over kvarandre sine styrkar.
No ventar ein velfortent sommarferie. Me håpar han blir fylt med gode opplevingar, kvile og tid saman med familie og vener.
Tusen takk for eit flott skuleår. Me gler oss til å ønskje både nye og kjende elevar velkomne tilbake til skulestart i august.
Eg ønskje dokke ein riktig god sommar!
Sommarhelsing frå Grete, rektor.