Skileirskule på Voss .

Elevane på 8. og 9.trinn var heldige og fekk reise på skileirskule til Voss i veke 11.

Veret var stort sett heilt perfekt , og med mykje nysnø var det draumeføre. 

Utrulig kjekt , og flott å sjå framgang på skiferdigheter etter fleire dagar med instruksjon 

frå flinke skiinstruktørar. 

Onsdagen var det sol frå knallblå himmel, pudderføre og vindstille. Blir ikkje betre enn det.