Presentasjonsfilm om Nedstrand

Nedstrand bygdeutval har fått midlar til å laga ein presentasjonsfilm som skal vise alle dei gode sidene ved bygda vår. Den skal visa alle dei fine moglegheitene me har her, arbeidsplassar, natur, aktivitetar, bygg og folk. Filmen vil ligga på bygdeutvalet sine nettsider og skal kunna nyttast i samband med ledige stillingar og liknande. 

Denne veka var dei innom skulen og filma. Sola skein og elevane var i kjekk leik og aktivitet, det blei flott opptak. Det er berre nokre skund frå filminga på skulen som kjem med i det ferdige produktet.

Her er eit par bilete får dagen.