NBU samla inn fantastiske 62.655,- kr til inntekt for Barnekreftforeningen !

Flott joggedag på NBU den  05.oktober i fint ver og super innsats av alle som var med! 

Me er superstolte og imponerte av elevane våre og tusen tusen takk til alle gode sponsorar. 

I år jogga me til inntekt for Barnekreftforeningen og deira arbeid for at alle skal bli heilt friske frå kreftsjukdom og få mindre seinskader. Me hadde besøk av Marthe Habbestad og Eva Risanger som  jobbar der, og dei fortalte om kva dei har opplevd og om kva pengane skal gå til.

9.tr var den klassen som sprang lengst i gjennomsnitt pr elev, heile 19,1 Km. Fem gutar frå 6., 9. og 10.tr jogga 31km - lengst av alle elevane, og fekk diplom med gullskoen.  Me er imponerte!

Alle som var med jogga og gjekk til saman 2096km,  trur det er ny rekord på ein joggedag.