Kreative og praktiske utedagar på barnetrinnet.

Fredag 2. februar var det skikkeleg dårleg vèr, men ein utedag på 1. -4. trinn var planlagt og då var det bare å kle seg etter vèret. Turen gjekk oppover bakkane mot Nypedalen og inn i skogen rett før ferista. Der er det eit flott skogsområde for arbeid og leik. Me hadde med oss sager og eit par økser og dagens oppdrag var å felle daude tre og lage gapahukar. 

 Aktiviteten var stor og me såg ein svært så arbeidsam gjeng som jobba på. Skogsarbeid tar tid og me blei ikkje ferdige med byggjearbeidet vårt, så her må me komma igjen fleire gonger. Innføring i bruk av sag og øks var nødvendig, men me var svært så glade då me gjekk heim med ein flokk blide elevar som ikkje måtte ha eit einaste plaster.

 

Fredag 9. februar var det atter ein gong vinter på Nedstrand. 1. – 3. trinn blei delt i grupper og oppdraget var å byggje ein «flaske/skihoppbakke». Før dei sette i gong skulle dei lage ein hypotese der ein skulle sei noko om kva for ei flaske som kom til å hoppe lengst. Stor brusflaske utan vatn, stor flaske med vatn, lita flaske med og utan vatn. Det var mange teoriar og høgt engasjement. Deretter bar det ut for å laga hoppbakken og det viste seg å ikkje vera så lett. Dei fekk ei flaske for å kjøra prøvehopp for evnt. utbedringar av bakken, igjen blei det diskusjonar rundt kva ein kunne gjera for å få flaskene til å koma rett på hoppet og koma over hoppkanten. Det vart stor jubel frå gruppene då dei til slutt klarte å få det til og det viste seg at den store flaska med vatn var den som kom lengst.

-Vivian Mæland -