Om skulen

Grinde skule er ein fulldelt barneskule med 191 elevar fordelt på 7 trinn og 10 elevgrupper. Skulen har i dag 38 tilsette, fordelt på 18 lærarar, 5 miljøarbeidarar, 7 miljøterapautar. I administrasjonen ved skulen har me rektor og to inspektører, som saman utgjer leiinga ved Grinde og Straumen skule. I tillegg har me ein administrasjonskonsulent, ein SFO-leiar og en sosiallærar. Bak kulissene har me to reinhaldere og en byggdriftar som held orden på den flotte skolen vår.

Skulen ligg i Grinde, ca. 2 km aust for Aksdal.

Noverande Grinde skule var ny i 1959. Tre skular vart då slått saman, Fikstveit, Sundfør og gamle Grinde skule. Hovudbygningen på skulen er frå 1959. Paviljongane A og B blei bygd i 1984/85. Paviljong C blei bygd i 1997. Då blei det og gjort ein del endringar i hovudbygningen. Det siste tilbygget sto ferdig til skulestart hausten 2009. Gymsalen vart riven til fordel for nye undervisningslokale og eit flott amfi. Skjoldhallen ved Skjoldbanen fungerer no som gymsal for skulen. 

Kontaktinformasjon

Grinde skule
E-post
Telefon 90 50 03 26

Besøks- og postadresse:
Skjoldastraumsvegen 30
5570 Aksdal

SFO: 907 17 039

 

Melding til skulen

Meldingar til skulen skjer via appen Min skole
(Visma Flyt Skole)

 

Grete Fjeldheim Vestbø
Rektor
Telefon 98 87 60 77