Velkommen til konferansen “Mat til alle i ei uroleg verd”

Rogaland Landbrukspark inviterer til konferanse mandag 1. september kl. 09.30-15.00 på Tysværtunet kulturhus.

Konferansen tar for seg Rogalands rolle som matprodusent i ei stadig meir uroleg verd.

Her vil du få kunnskap om 

  • Korleis andre land arbeider målretta med beredskap og matproduksjon.
  • Korleis sikra forsyningslinjene og råvaretilgangen.
  • Korleis gjera oss mindre avhengige av kritiske råvarer frå utlandet.
  • Vår rolle som matprodusent i urolege tider.

Rogaland Landbrukspark inviterer landbruket og anna nærings- og samfunnsliv, kunnskapsinstitusjonar, finansinstitusjonar, offentleg tilsette, politikarar og andre interesserte til ein konferanse som skal gi oss ny kunnskap.

Her finn du programmet

Direkte lenke til påmelding