Støy frå Tysvær vindpark

Oppdatert: Kommunen har dei siste vekene motteke mange klager på støy frå naboane til Tysvær vindpark. No har kommunen hatt møte med selskapet for vindparken. 

Etter å ha motteke fleire klager frå innbyggjarar på støy frå Tysvær Vindpark siste tida, har Tysvær kommune hatt eit møte med selskapet.  Tysvær Vindpark har sjølv gjort undersøkingar, og under visse tilhøve målt unormale lydfrekvensar frå vindturbinane.  I samarbeid med turbinleverandør har dei funne, og implementert det dei meiner er ei løysing på problemet. 

Tysvær kommune følgjer opp Tysvær Vindpark og skal undersøke om tiltaka har ønska effekt.

Sigurd Eikje, rådmann