Energispartiltak i Tysvær kommune

Grunna dei høge strømprisane, har kommuneleiinga beslutta å gjennomføre energisparetiltak, som vert gjeldande frå 01.11.2022.

Innetemperatur kommunale bygg
I alle kommunale bygg blir innetemperaturen senka med 1 grad, med nokre unntak som t.d. babyrom på helsestasjonar.

Bassengtemperatur
Bassengtemperaturen blir senka i familiebassenget på Tysværtunet og i skulebassenget i Nedstrand.

Gatelys
Alle gatelys blir slått heilt av mellom kl. 01.00 og 05.00 kvardagar, og i helger mellom kl 03.00 og 07.00.