Arbeidsmiljøprisen 2021

Ressurs-og tenestekontoret er årets vinnar av arbeidsmiljøprisen i Tysvær kommune.

Ressurs- og tenestekontoret fekk prisen for sitt målretta og systematiske HMS-arbeid for å legge til rette for ein god og trygg arbeidsplass.

-Eg kan garantere at prisen vil inspirere til å ha eit endå betre fokus på HMS i åra som kjem, sa Synnøve Lundberg, leiar for Ressurs – og tenestekontoret, då ho mottok prisen frå  ein tydeleg stolt rådmann Sigurd Eikje.

 

Rådmannen, Sigurd Eikje,  overekker arbeidsmiljøprisen til Synnøve LUndberg - Klikk for stort bildeLeiar for ressurs- og tenestekontoret, Synnøve Lundberg, mottek prisen frå rådmann Sigurd Eikje. Tysvær Bygdeblad