Varsel om utviding av planområde - Eikeskog nord

Nytt varsel i samband med utviding av planområde – detaljregulering for Eikeskog nord.

I samsvar med §§ 12-8 og 12-14 vil me på vegne av Biogass Energi AS varsle om utviding av planområdet for den tidlegare varsla detaljreguleringa for Eikeskog nord i Aksdal næringspark, på nordsida av Eikeskogvegen. Planområdet omfattar gnr/bnr 72/8 og 8/10 går fram av vedlagte kart.

Det blei varsla oppstart av planarbeidet med brev datert 10.10.2023. Bakgrunnen for å utvide planområdet er at Statens vegvesen som er vegeigar av regulert gang- og sykkelveg gjennom området, ynskjer å sjå på moglegheit for å få flytte regulert gang- og sykkelveg heilt aust i planområdet, slik at denne blir liggande mellom E39 og næringsområdet. Planområdet er difor utvida i aust og nord. Det vil bli teke omsyn til eksisterande avkøyrsle til gnr/bnr 72/37. I førre varsel vart det informert om at gang- og sykkelvegen også var tenkt lagt på utsida av næringsområdet, men då var det tenkt å legge denne på vestsida av næringsområdet. Om vidare planprosess viser at gang- og sykkelvegen vert lagt på austsida, vil planområdet truleg verte redusert i vest.

Formålet med planarbeidet er framleis å legge til rette for brannstasjon, område for energifyllestasjonar og døgnkvileplass for tungtransport med tilhøyrande funksjonar. 

Planarbeidet er av Tysvær kommune vurdert å ikkje utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU) då planlagde tiltak for det meste vil vere i samsvar med gjeldande planar i området.

For nærmare informasjon kan du kontakte Omega 365 Areal AS på telefon 975 40 000. Eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til:

Omega 365 Areal AS, 
Kvassanesvegen 4 
5582 Ølensvåg

eller via e-post areal@omega.no innan 27.02.2024.

Etter meldingsfristens utløp vert sjølve planforslaget utarbeidd og sendt inn til kommunen. Etter 1. gangs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med eventuelle merknadar og innspel til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Vedlegg: varslingskart (PDF, 473 kB)

Kart som viser planområdet - Klikk for stort bildePlanområdet er omfatta av to reguleringsplanar; «To-planskryss Eikeskog» (ikraft. 2014), markert med svart pil og «Aksdal Næringspark, Krabbatveit» (2007), markert med raud pil, kjelde kommunekart.com