Om skulen

Førland barneskule ligg på Førland ca 5 km frå Aksdal, og har 90 elevar skuleåret 2021-2022.

Skulen ligg inst i Førlandsfjorden og har eit unikt uteområde med plass til mange læringsaktivitetar. Utearealet grensar til fjorden mot sør og har eit stort skogsområde som elevane kan leike og lære i.

Skulen er eit bruksområde for heile bygda. Det er opparbeidd sandvolleybane og minigolfbane i tillegg til kunstgrasbane og ballbinge. På asfaltert område på skuileplassen er det plass til basketball og andre aktivitetar. Gode friområde i nærleiken gjer at elevane kan gå til ulike skogsområde, ferskvatn og sjø i SFO- og skuletida.

Kommunesenteret i Aksdal med bibliotek, kulturhus og symjehall ligg nært. Det ligg inne planar for toplankryss med trygg kryssing i næraste framtid. Då kan elevane sykle til aktivitetar i Aksdal i skuletida.

Skulen blei bygd i 1960 og fungerte som storskule for heile bygda i gamle Tysvær kommune med framhaldsskule. Den siste utbygginga var i 1997. Nå har skulen grei gymsal med tilhøyrande te-kjøkken. Gymsalen er svært mykje i bruk på ettermiddagar og kveldar. Barnehagen nyttar og salen på dagtid, saman med skulen. SFO-avdelinga har flotte inneområde som gir rom for mange ulike aktivitetar.

Skulekjøkkenet blei ombygd og fornya i 2009. Her er det rom for 16 elevar. 

Biblioteket er lyst og triveleg og har fleire arbeidskrokar som kan nyttast til ulike gruppearbeid.

Visjon

Eg kan
eg vil
vi hjelper kvarandre
og får det til

Kontaktinformasjon

Førland skule
E-post
Telefon 52 75 82 60

 

Førlandsvegen 131
5570 Aksdal

Postadresse: Førlandsvegen 131, 5570 Aksdal

SFO: 959 99 122
 

Melding til skolen

Meldinger til skolen sendes via appen Min skole
(Visma Flyt Skole)

Frode Hundsnes
Rektor
Telefon 52 75 82 62
Mobil 90 95 64 98