Tysvær kommune tek imot sikker digital post via eDialog

Tysvær kommune har no teke i bruk eDialog, ein digital løysing som gjer det enklare å sende sikker post til kommunen.

Med denne tenesta kan du trygt sende førespurnader, også dokument som er unnateke offentlegheit, utan risiko for at informasjonen kjem på avvege.

Kvifor bruke eDialog? 

Tradisjonell e-post er ikkje ein sikker kommunikasjonskanal når det gjeld sensitive opplysningar. eDialog er ein trygg løysing der all informasjon blir kryptert og behandla i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Dette sikrar at personopplysningar og annan konfidensiell informasjon ikkje blir tilgjengeleg for uvedkommande.

Korleis fungerer eDialog? 

For å bruke eDialog må du logge inn via ID-porten (MinID, BankID, Buypass eller Commfides). Dette sikrar at avsendar er identifisert, og at dokumenta blir sendt trygt til rett mottakar i kommunen. Når du har logga inn, fyller du ut eit skjema med naudsynt informasjon, lastar opp eventuelle vedlegg og sender inn saka. Kommunen mottar deretter førespurnaden direkte i sitt arkiv- og saksbehandlingssystem.

Kven kan bruke tenesta? 

Alle innbyggjarar, bedrifter og organisasjonar som har behov for å sende informasjon til Tysvær kommune kan nytte seg av eDialog. Tenesta er spesielt nyttig for førespurnader som inneheld personopplysningar eller anna informasjon som krev trygg behandling.

Gå til eDialog her