Varsel om endring av reguleringsplan – Småbåthavn Hervik Sør

Tysvær kommune varslar om mindre endring av plan, planid 201012 – Småbåthavn Hervik Sør, jf. plan- og bygningsloven § 12-14. 

Det er vurdert at endringa i liten grad påverkar gjennomføringa av planen elles, at endringa ikkje går ut over hovudrammene i planen, og heller ikkje rører omsynet til viktige natur- og friluftsområder. Dette varsel må derfor betraktast som einaste moglegheit til å uttale seg før vedtak blir fatta, jf. plan- og bygningslovens § 12-14, 3. ledd.

Informasjon om saka
Endringa av planen gjeld nokre føresegner, hovudsakleg knytt til naustformål. Tillate mønehøgd er auka litt, samstundes som det gis meir rom for variasjon i takvinkel.  Plankart og reviderte føresegner er vedlagt, endringar i føresegner er markert med blå skrift. Plankart er ikkje endra, men er lagt ved som informasjon.

Har du innspel?
Vi ber om snarleg tilbakemelding og seinast innan 3 veker.

Eventuelle innspill kan sendes til post@tysver.kommune.no. Merk med 22/3557 

Vedlegg i saka:

Planbestemmelser (PDF, 100 kB)

Plankart (PDF, 386 kB)