På vegne av skulen vil eg nytte høve til å takka for samarbeidet i haust. Inngongen til adventstida blei krevjande for oss alle. Ingen skal oppleve å miste eit ungt menneske slik me gjorde i slutten av november. Alt anna stoppar opp, og sorga er bunnlaus.
Likevel må kvardagen kome og me må tilbake i dei vante rutinane. Livet må fortsette, og me må gleda oss øve dei små tinga.
Mitt ynskje for jula er at me alle tar ekstra godt vare på dei me har rundt oss, og er rause med positiv merksemd og ros.
Julemarknaden blei ein fin kveld sjølv om regnet plaska. Peparkakebyen var litt mindre i år, men dei som blei laga var kjempefine. Husa må hentast denne veka.
Her kjem vinnarane: premiane får dei på fredag.
1. Finast vindauge Alfred i 5. klasse og Elisabeth i 2. klasse
2. Finast pynt Maja i 6. klasse
3.Beste byggverk Åsmund i 2. klasse
4. Mest kreative bygg Greger i 2. klasse og Johan i 5. klasse
5. Publikum sin favoritt Lars i 8. klasse

Så må eg nemne Amanda Sofie som sendte inn til Barnas tale og blei plukka ut som ein av dei 10 som fekk vitje God Morgon Norge. Ho snakka om psykisk helse, som er eit utruleg viktig tema. Det var eit stolt augneblink for skulen, når Amanda Sofie var på TV2. Eg håpar det gir motivasjon til fleire, og at mange sender inn neste år.
Eg vil takka alle som me har samarbeida med i haust og tolmodet som er vist når me må setje inn vikarar, og byte om på kven som er i klassane. Det skjer ting me ikkje veit om, og då må me gjere det beste ut av det. Me har ein flott skule med positive elevar og heimar som samarbeider godt med oss. Takk!
Nå ser me fram til å runda av året med gudsteneste, graut og juleshow.
Skulen startar opp att 5. januar, og me skal vere klar.
Eg legg med eit dikt som er skreve av Trygve Skaug, og ynskjer alle ei fredfull jule og nyttårsfeiring.
Dette er en ode
til de gutta
og de jentene som måtte gi tapt
i kampen mot mørket
for de var fine folk
de der helt fremst i frontlinjen
så ble det for mørkt der
og det er for dem vi skal slåss
med lysbrytere festet på knokene
for vi kan ikke ha det sånn
at svarte natta bare skal valse rundt
og ta for seg
Beste helsing
Geir, rektor