Barnas tale - ein kandidat frå Tysværvåg!

I haust hadde 5.–10. klasse besøk av UNICEF, som snakka til elevane om ytringsfridom og kor viktig det er å stå opp for sine eigne meiningar. Dei presenterte konseptet «Barnas tale», der vinnaren får halde talen sin på sjølvaste julaftan.

Det var fleire elevar frå Tysværvåg som sende inn talen sin.  Amanda Sofie Nordgård blei i dag plukka ut som ein av dei ti finalistane, der ein får halde talen sin på julaftan. Amanda Sofie skal til Oslo på måndag, og tysdag 25. november skal ho delta på God morgon Norge. I sendinga vil ho få møte nokon som har makt i landet. I dag blei alle kandidatane presenterte, og tre av finalistane deltok i God morgon-sendinga. Dei fekk vitja stortingspresidenten. Du kan sjå sendinga i opptak på TV 2.

Me på skulen heiar på Amanda Sofie, og det blir spanande å sjå ho på God morgon Norge på tysdag, og om ho blir den som får halde talen sin på julaftan. Me skal legge til rette for at elevane får sjå sendinga på tysdag. Heia Amanda Sofie!

Her er presentasjonen av Amanda Sofie på nettsidene til UNICEF:

Amanda Sofie (14) – Psykisk helse

Amanda Sofie er fra Tysværvåg barne- og ungdomsskole. Hun har valgt å snakke om psykisk helse, og deler sine tanker om hvordan dyr og gårdsarbeid kan hjelpe folk som har det vanskelig. Hun oppfordrer foreldre til å være mer oppmerksomme på barna sine og snakke med dem om hvordan de har det. Hun ber politikerne om å skaffe flere fagfolk for å hjelpe barn og ungdommer med psykiske helseutfordringer. 

Du finn alle kandidatane her: Barnas tale | UNICEF

Foto - UNICEF