Førjulshelsing

Nå nærmar me oss jul, eg vil først og fremst takke dokke alle for det gode samarbeidet gjennom året. 

Førjulshelsing 

Nå nærmar me oss jul, eg vil først og fremst takke dokke alle for det gode samarbeidet gjennom året. Det er eit privilegium å få følgje elevane i utvikling, og me veit at det ikkje skjer utan den støtta og engasjementet de gir heime og trygge vaksne på skulen som lagar gode dagar for elevane.

Det har vore mange gode opplevingar på skulen dette halvåret. Eg kan nemne alle dei flotte samlingane som klassane har for kvarandre på skulen. Verdifullt å øve seg å stå framfor andre og vise kva dei kan. Bokveka var eit av høgdepunkta i haust. Der fokuset var lesing. Lesing er noko me satsar på, og me håpar at me skal finne fram både leselyst og lesegleda til elevane våre. 

Adventstida har vore fin her på skulen. Julepynta klasserom med adventsstund kvar einaste dag, julebaking, juleverkstad. Det skaper samhold.

Å skape eit godt fellesskap kjem ikkje av seg sjølv. Det krev at me alle bidreg – med omsorg, respekt og vilje til å sjå kvarandre. Når elevane opplever at dei høyrer til, vågar dei å prøve, feile og lære. Dei utviklar seg både fagleg og sosialt, og dei lærer verdien av å vere gode medmenneske. Dette er noko me kan vere stolte av, og det er noko me må halde fram med å byggje kvar dag.

Jul og nyttår er ei tid for å styrke dei banda me har til kvarandre. Eg håpar de får gode dagar med familie og vener. Me ser fram til eit nytt år der me held fram med å byggje eit sterkt fellesskap og gi elevane dei beste moglegheitene for læring og utvikling.

Eg vil med dette ønskje dokke alle ei fin julehelg og eit Godt Nyttår.

Julehelsing frå Grete