Valfag for skuleåret 2026/2027

Tida er komen for å velja valfag for skuleåret 2026/2027.

Valfaget kjem i tillegg til val av framandspråk (tysk, engelsk- og norsk fordjuping). Valfaga skal bestå av element frå fleire fag, og dei skal ha ei praktisk innretning.

Ved skulen vår ynskjer me å tilby tre valfag komande skuleår. Me må likevel ta atterhald om at det melder seg mange nok elevar på kvar gruppe til at det er ressursmessig forsvarleg å starta opp alle gruppene. Vidare vil det vera ei grense kor mange elevar me kan tilby kvart av valfaga. Difor er det viktig å føra opp andrevalet til kvar elev.

Elevane har fått ei orientering om kvart av dei aktuelle faga. Det vil vera elevar frå alle tre klassane på ungdomstrinnet på kvart valfag.

Valfag for skuleåret 2026/2027:

· Medier og kommunikasjon

· Design og redesign

· Fysisk aktivitet og helse

 

På desse lenkene til UDIR kan de lesa om dei aktuelle valfaga :

 Medier og kommunikasjon:  Læreplan i valgfaget medier og kommunikasjon (MOI01‑02) | udir.no

Design og redesign:  Læreplan i valgfaget design og redesign (DOR01‑02) | udir.no

Fysisk aktivitet og helse: Læreplan i valgfaget fysisk aktivitet og helse (FAH01‑02) | udir.no

 

Kvar elev kan berre delta på eitt av desse valfaga.

De som foreldre/føresette vil få informasjon om ulike sider ved valfaget (praktisk organisering, vurdering m.m.) på det første klasseforeldremøtet i haust. De kan og ta kontakt med underteikna dersom de ynskjer meir informasjon før de vel valfag.

 

Jan Ottar Stråbø - undervisningsinspektør-