Super innsats i Vinterles 2026!

Vinterles er over for denne gong og elevane har allerede fått dei fine armbanda sine i premie etter kor mange sider dei har lese.

 I dag har i tillegg to klassar som utmerka seg spesielt positivt fått fin diplom for innsatsen:

 

I 2.klasse har 11 av 11 elevar fått regnbogearmband! For å få det måtte dei lese over 400 sider, men fleire i klassen har lese over 2000 sider. Super innsats og beste resultat på skulen!

 

1.klasse har lese til saman 8614 sider. Det blir i snitt 957 sider per elev. Dei sprenger skalaen. Knallbra!

 

Me er stolte av elevane våre og ynskjer dei mange kjekke lesestunder framover.

Diplom - vinterles